KJEM TIL ÅRDAL: Sondre Justad er ein av artistane som kjem på Målrcok.
KJEM TIL ÅRDAL: Sondre Justad er ein av artistane som kjem på Målrcok. (Foto: Pressefoto)

Sondre Justad og fire andre artistar kjem til Målrock

No er dei fem fyrste artistane klare for Målrock 2019.

Torsdag vart dei fem fyrste artistane som kjem til Målrock 2019 slept. Nordlendingen Sondre Justad kjem, kjend som ein av noregs største mannlege popsterner. Òg det store rockebandet på nittitalet "The September When" kjem til Årdal under festivalhelga. 

– Sjølvsagt er det ekstra stas å lande dei to storfiskane The September When med Morten Abel i spissen, og den megapopulære popstjerna Sondre Justad som har vore etterspurt av vårt trufaste publikum, skriv Målrock på si heimesida. 

På plakaten står òg trivselsfylket si eiga popstjerna Olav Stedje, folkrockarane Vestandsfanden og sogndalsrockarane i Tyyl. 

– Me ser at publikum ynskje enda meir preg av folkefest enn tidlegare, og med desse fem kanonartistane så så ligg alt til rette for nettopp dette, melder Målrcok. 

Til toppen