RETTSAK: Torsdag er andre dag av rettsaka mot sogningen som i fjor haust knivstakk mor si fleire gonger.
RETTSAK: Torsdag er andre dag av rettsaka mot sogningen som i fjor haust knivstakk mor si fleire gonger. (Foto: Arkivfoto/Ina Eirin Eliassen)

Sonen stakk mora med kniv, no ber ho om at han slepp fengsel

Torsdag er andre dag av rettsaka mot sogningen som i fjor haust knivstakk mor si fleire gonger.

Indre Sogn: Torsdag gav partane sine forklaringar for Sogn og fjordane tingrett om  den dramatiske hendinga som skjedde i Indre Sogn i fjor haust. 

Ein mann i tidleg 30-åra er tiltalt for å ha påført si eiga mor grov kroppsskade med kniv i bustaden hennar. Væpna politi måtte til for å stoppe mannen. Han er òg tiltalt for bruk og oppbevaring av ulovlege narkotiske stoff. 

Mora synast synd på han

Mora gav sin forklaring av hendinga i retten torsdag, skriv Sogn Avis, som først melder om saka

Til retten forklarer ho at ho frykta for livet sitt under hendinga, men at ho per dags dato ikkje er redd for sonen. 

– Eg synast synd på han. 

Kvinna sa at sonen hadde temperament, men at ho aldri hadde opplevd han som valdeleg. Ho sa i forklaringa si at sonen ikkje burde bli dømt til fengselsstraff, men meinte han heller treng psykiatrisk helsevern, skriv avisa. 

Rettsaka held fram fredag. 

Til toppen