KONSERTEN: Laurdag hadde Lærdal Songkor konsert i Hauge kyrkje saman med medlemmar frå Longhorn. Foto: Camilla Skjær Brugrand.
KONSERTEN: Laurdag hadde Lærdal Songkor konsert i Hauge kyrkje saman med medlemmar frå Longhorn. Foto: Camilla Skjær Brugrand.

Song våren inn med Longhorn

Lærdal Songkor og Longhorn fekk ståande applaus i Hauge kyrkje etter ein livleg og underhaldane konsert laurdag kveld.

Lærdal: Damene og mennene i Lærdal Songkor teama seg opp med nokre av karane i bandet Longhorn for å spela våren inn i Hauge kyrkje.

– Slik har du aldri høyrd Lærdal Songkor før, seier Kari Blåflat, leiar i Lærdal Songkor under konserten.

Les også: Syng for kvinnedagen 

Dei store tinga

Publikum fekk høyra ein god miks av spirituelle songar, gospel, country og bluegrass.

– Me syng noko gammalt og noko nytt. Litt på norsk og noko engelsk. Det songane har til felles, er at dei handlar om dei store tinga i livet, seier Marita Vangen Bratteteig, dirigent i Lærdal Songkor.

SONG: Dirigent Marita Vangen Bratteteig song også under laurdagens konsert.
SONG: Dirigent Marita Vangen Bratteteig song også under laurdagens konsert.

Songane som vart spelt, tok blant anna om det som gjere veldig vond og det som gjere veldig godt. Dei handla om korleis me som menneske kjem oss gjennom kvardagen og livet.

– Så opna me med ei skikkelig fridomslåt, seier Bratteteig etter at fyrste melodi var spelt.

Staute karar

Songdamene og mennene fekk ståande applaus etter at konserten var over og publikum klappa fram at dei skulle spele ein song til.

– Eg er kjempe glad for det gode oppmøte. Det er ikkje verst å vera så språke når me er så gamle, seier Kari Blåflat, leiar i Lærdal Songkor.

I år feirar Lærdal Songkor 65 år og har planlagt fleire konsertar med ulike sjangerar utover året.

SPELTE: Karane frå Longhorn var også med under konserten.
SPELTE: Karane frå Longhorn var også med under konserten.

– Dette er den første konserten i jubileumsåret vårt. Så vil me halda fram å syngja ut året. Som de høyrer, så har me fått ei skikkelig vitamininnsprøyting og vore så heldige og fått med oss nokre staute karar frå Longhorn, seier ho.

Søndag skal Lærdal Songkor og Longhorn til Aurland for å spele i Vangen kyrkje.

– Alle er hjartlege velkommen der også, avsluttar Blåflat.

Til toppen