65 ÅR: Lærdal songkor feirer seg sjølve med konsert i kulturhuset 12.november. Her frå ein konsert tidlegare i haust i Tønjum kyrkje. Privat foto
65 ÅR: Lærdal songkor feirer seg sjølve med konsert i kulturhuset 12.november. Her frå ein konsert tidlegare i haust i Tønjum kyrkje. Privat foto

Songkoret jubilerer med konsert

Lærdal songkor fyller 65 år i år og inviterer til konsert med eit kobbel samarbeidspartnarar, mellom andre Årdalskoret.

– Me har hatt eit svært aktivt år med ung og inspirerande  dirigent og mange nye medlemer, så jubileumskonserten vår vil by på eit variert og spanande program, seier leiar i koret, Kari Blåflat i ei pressemelding. 

Jubileumskonserten blir halde laurdag 12.november i Lærdal kulturhus. Då kjem besøk frå nabobygda i nord.

– Gjester på konserten er også Årdalskoret, som i år har fått vår Marita Vangen Bratteteig som dirigent. Dei vert med oss på nokre fellesnummer også - dette vert mektig!

Longhorn og elevar frå Aurland

Og gjestene blir fleire, både elevar frå ein annan nabokommune og musikarar i Lærdals vel mest ynda band: 

– Me er så heldige å ha mange elevar frå Sogn jord- og hagebruksskule med oss i år, og desse unge røystene er med å vitaliserer koret vår. I vår hadde me for fyrste gong eit samarbeid med Longhorn, og nokre av musikarane derifrå vil vera med på eit lite gjensyn med humørfylte og drivande songar. 

I tillegg blir Lærdal musikklag med på ein felles avdeling.

– Dei stiller og med ny dirigent, Suzan Erens, og den dama har sanneleg fleire talent. De kan gle dykk, lovar Blåflat. 

Til toppen