ROT: Slik såg det ut onsdag føremiddag på uteområdet Småbakkane i Øvre Årdal. Foto: Porten-tipsar. 
ROT: Slik såg det ut onsdag føremiddag på uteområdet Småbakkane i Øvre Årdal. Foto: Porten-tipsar. 

Søppel og rot på populært uteområde

Vårreingjeringa startar i utgangspunktet ikkje før i slutten av april. Men etter å ha sett desse bileta, lovar kommunen å rydde opp så fort som mogleg. 

Årdal: Turgåarar som var ute på det populære uteområde Småbakkane onsdag føremiddag fekk sjokk over alt rotet og søppelet som låg slengt omkring. 

– Me er ikkje oppe der kvar dag, men eg skal ta meg ein tur no etter jobb slik at me får ta hand om ryddinga, seier Svein Erik Jevnaker, oppsynsmann for utedrift i Årdal kommune. 

Saka held fram under bilete. 

Takkar publikum

– Me får mykje tips frå publikum om noko er som det ikkje skal vere. Dette takkar og bukkar me for, seier Jevnaker. 

Småbakkane er ein populær uteplass for barnehagane og skulane i Årdal. 

– Det er ikkje så mange tilsvarandre plassar i Øvre Årdal, så då må me prøva å halda litt stell på dei, seier Jevnaker. 

Saka held fram under bilete. 

Aksjon i slutten av april

Det er endå litt for tidleg for den årlege vårreingjeringa "Rusken aksjon" som har vore tradisjon i Årdal kommune dei siste 15 åra og som vart starta av Jevnaker. 

– Endå er det litt tidleg for den årlege vårprosedyren. I slutten av april skal alle skuleklassane delta i ein oppryddning av bygda slik at den ser bra ut til 1. mai, seier Jevnaker.  

 

Til toppen