KONKURRANSE: Det er fem forskjellige nivå, til alle frå nybegynnar til profesjonelle klatrarar.
KONKURRANSE: Det er fem forskjellige nivå, til alle frå nybegynnar til profesjonelle klatrarar.

Sosial klatrekonkurranse

Laurdag var det duka for klatrekonkurranse i Sognehallen.

Sogndal: 25 personar møtte opp til klatrekonkurranse i klatreveggen i Sognahallen.

– Det er meir eit sosialt arrangement enn ein konkurranse, seier arrangør Casper Andersen.

Ulike nivå

–  Den siste veka har det blitt skrudd på både klatre- og buldreveggen, så då syntes vi at det passa med ein klatrekonkurranse, Forklarer Andresen.

–Det er forskjellig vanskegrad og ein får fleire poen​g dess vanskeligare løypa er.

INFORMASJON: 25 personar var påmeldte til klatrekonkurransen.
INFORMASJON: 25 personar var påmeldte til klatrekonkurransen.

Det er fem forskjellige nivå, den enklaste passar nybegynnarar, medan den vanskeligaste er så vanskeleg at det er få som klarar den. Sjølv om arrangementet har namnet "konkurranse" handlar det mykje meir om det sosiale enn om å vinne. Vi har lyst å få folk saman, vere med kompisar og viktigast av alt ha det gøy. Kanskje folk har blitt litt skremt av at vi kalla det for ein konkurranse. Det er ein lærdom til neste gong, seier Andersen med eit smil.

Ein konkurranse for alle

I fjor arrangerte klatreklubben ein konkurranse for eliten. Då var det to kvalifikasjonsrunde og ein finale. Då var dei beste klatrarane i Noreg med på konkurransen. I år er konkurransen for alle.

– Det er ein veldig breidd konkurranse som skal passe for alle, seier Andersen om årets første konkurranse.

BULDRING: Det var ikkje berre klatring i klatreveggen, men også buldreveggen blei brukt.
BULDRING: Det var ikkje berre klatring i klatreveggen, men også buldreveggen blei brukt.

Det blir også arrangert buldrecup kvar første tysdag i månaden som også er eit sosial arrangement, men etter siste konkurranse i April blir det også her ein premieutdeling til dei med flest poeng.

Etter at klatring blei lagt til i OL-programmet til neste OL i Tokyo har klatring fått stor oppmerksemd.

– Klatreveggar som den i Sogndal har gjort at det er enklare å drive med klatring, på grunn av at det er mykje meir tilgjengelig.

Kva som er grunnen til at fleire har fått interesse i klatring er vanskeleg å seie.

– Samanlikna med tradisjonelle idrettar er klatring meir ekstremt, sjølv om det er veldig trygt, Avslutta Andersen.

 

Til toppen