SAMLING: Unge boksarar samlast denne helga i Aurland. Foto: Kaja Nygård 
SAMLING: Unge boksarar samlast denne helga i Aurland. Foto: Kaja Nygård 

Sosialt og lærerikt å vere på boksesamling

Over 40 unge boksarar samlast denne helga i Aurland. Her er det fokus både på trening og sosialt samvær. 

Aurland: I helga er det nasjonal boksesamling i Aurland. Det er boksegruppa i Aurland IL saman med Bokseforbundet som er arrangørane for boksesamlinga.

- Den nasjonale boksesamlinga er for heile Noreg. Det er representert ti klubbar her, og det er over 40 boksarar som er med. Så me er mange og det er flott, seier trenar for Aurland bokseklubb, Reinhardt Sørensen.

Bokseklubbane som er med i helga er frå aust og vest regionen, men den er for heile Noreg.

- Det kan bli litt langt for dei som bur i Nord å reise hit, men det er klubbar frå både aust og vest her.

På samlinga får dei gode tips frå trenarane som dei kan ta med seg vidare inn i treninga si.

Artikkelen held fram under bilete 

TIPS: Dei unge boksarane får gode tips frå trenarane.
TIPS: Dei unge boksarane får gode tips frå trenarane.


- Det sosiale er viktig

Jenter og gutar frå alderen 8 til 15 år kom til Aurland fredag. Då hadde dei to treningsøkter. Laurdag og søndag er det også treningsøkter for dei unge boksarane, men det skal også vere tid for andre aktivitetar.

- Det sosiale er viktig, så i kveld skal boksarane på kino for å sjå Børning 2. Det skal ikkje berre vere alvor, men også kjekt og sosialt. Det er viktig at dei blir kjent med kvarandre på ein slik samling, fortel Sørensen.

Laila Soldal Bøe er einig at det sosiale er viktig.

- Det verkar som ungdommane har funne ein god tone. Det er jo ekstra kjekt at dei finn tonen og har det fint saman. Det sosiale er heilt klart viktig, seier Soldal Bøe.

Artikkelen held fram under bilete 

TRENING: Boksarane har mange treningsøkter denne helga.
TRENING: Boksarane har mange treningsøkter denne helga.

Mykje å organisere

Laila Soldal Bøe fortel at det er mykje som skal organiserast på førehand av ein slik samling.

- Det er mykje å organisere, men det er kjekt å sjå at ungdommane har det fint på samling, avsluttar ho. 

Til toppen