VANN: Inger Marie Sætervik fekk utdelt ein sjekk på 25.000 kroner av Reidar Grønsberg etter å ha vunne Vikingbad sin nasjonale konkurranse. Vigdis Sætervik tok imot sjekken for søstera si Gro A. Sætervik som ikkje hadde anledning til å kome. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 
VANN: Inger Marie Sætervik fekk utdelt ein sjekk på 25.000 kroner av Reidar Grønsberg etter å ha vunne Vikingbad sin nasjonale konkurranse. Vigdis Sætervik tok imot sjekken for søstera si Gro A. Sætervik som ikkje hadde anledning til å kome. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 

Søstrene vann 50.000 i nasjonal konkurranse 

Inger Marie Sætervik trudde ikkje det var sant då Reidar Grønsberg ringte å sa at ho og søstera hadde vunne 25.000 kvar i Vikingbad sin nasjonale konkurranse. 

Lærdal: I vinter hadde Vikingbad ein nasjonal konkurranse der dei oppfordra kundane sine til å senda inn ein begrunnelse på kvifor nettopp den til ville nominere hadde bruk for eit nytt bad. 

– Gro trengte eit nytt bad. Ho har nettopp mista mannen sin og har ei multihandikapa dotter, så difor bestemte eg meg for å nominera ho, seier Inger Marie Sætervik om søstera si. 

Den heldige vinnaren i konkurransen vart plukka ut av ein jury i Vikingbad som hadde kampanjen. 

– Me delte vel ut 150 kort herifrå der ein kunne delta i konkurransen, seier Reidar Grønsberg, som har Vikingbad som leverandør. 

Sjokkert over beskjeden

Inger Marie Sætervik var innom gåvebutikken til Grønsberg og Sønner i Lærdal då ho bestemte seg for å nominera søstera Gro, som bur i Gulen. Sjølv bur Inger Marie i Valdres, men er opprinneleg i frå Lærdal.

– Eg skjønte ingenting då dei ringte og trudde dei tulla. Det har vell eigentleg ikkje gått heilt opp for meg endå, seier Inger Marie. 

Gro hadde ikkje moglegheit til å koma til Lærdal torsdag då gåvekortet skulle delast ut. Den tredje søstera deira, Vigdis Sætervik, tok difor imot prisen for ho.

– Ho var heilt sjokkert då ho fekk beskjeden. Det var stilt lenge i telefonen. Gro var på veg til Oslo då ho fekk veta at ho hadde vunne. Så ho fekk nok seg ein fin tur til byen, seier Vigdis. 

VANN: Gro A. Sætervik saman med dottera si.
VANN: Gro A. Sætervik saman med dottera si.

25.000 kroner kvar

Dei to søstrene fekk eit gåvekort på 25.000 kroner kvar. Pengane kan dei bruke på kva dei ønskjer frå Vikingbad. 

– Det er veldig morosamt at dei vann. No kan dei velja ut det dei har lyst på. Kanskje blir det ein jacuzzi? seier Grønsberg. 

Inger Marie får halve pengepotten, men har ikkje heilt bestemt seg for kva ho skal bruke pengane på. 

– Gro driver vertfall å pussar opp eit toalett. Eg er framleis litt usikker på kva eg skal bruke summen på, seier Inger Marie. 

Til toppen