KONTROLL: To køyretøy vart avregistrert grunna manglande periodisk køyretøykontroll.
KONTROLL: To køyretøy vart avregistrert grunna manglande periodisk køyretøykontroll. (Foto: Tomas Rolland / Statens vegvesen)

Sota vindauger endte med køyreforbod

Torsdag ettermiddag kontrollerte Statens vegvesen 1786 køyretøy i Sogndal. Det endte ikkje godt for tre førarar med pimpa vindauger.

Sogndal: To køyretøy vart avregistrert grunna manglande periodisk køyretøykontroll.

Tre køyretøy fekk køyreforbod grunna sota vindauger med folie på sideruter framme.

Sju køyretøy mangla lys, medan eit køyretøy fekk køyreforbod grunna ustikkande last som ikkje var merka. 

Vegvesenet storfornøgd med beltebruken 

Tre køyretøy fekk teknisk mangel grunna svarte nasjonalmerker på skilt. Det skal eigentleg vera blått. 

I tillegg opplyser Statens vegvesen om at ingen av køyretøya som passerte kontrollen blei observert utan bilbelte. 

– Det er svært bra, melder Thormod Gausdal i Statens vegvesen.

Til toppen