GLAD I DEG: På seks timar gjekk det unna 200 Valentine-dekorerte cup-cakes på TYA Bakeri. FOTO: Linda Borlaug
GLAD I DEG: På seks timar gjekk det unna 200 Valentine-dekorerte cup-cakes på TYA Bakeri. FOTO: Linda Borlaug

Søtsakene vart rivne vekk før Valentinsdagen

Men fortvil ikkje. Her får du tips til kva du kan finne på med din utvalgte på Valentinsdagen og kvar du kan ta med mamman din på morsdagen.

14. februar er dagen alle norske mødre skal heidrast. Om det er i form av litt ekstra merksemd som i ei god kake, eller ein tur i skog og mark, er opp til deg.

Dagen vert også feira av romantikarar verda over. Det er nemleg også St. Valentinsdagen, som på norsk også vert omtala som alle hjartesdag. Dagen vert feira for å merka romantikk og kjærleik.

Selde 200 cup-cakes

I anledning Valentinsdagen, la eigaren av TYA-bakeri i Årdal, Linda Borlaug, ut nokre delikate bilete av cup-cakes med skrifta "Glad i deg" på si Facebookside.

Responsen lot ikkje vente på seg.

- Folk ringte inn og bad meg reserve kaker og cup-cakes. I dag har det gått i eitt og vi har fått seld 200 cup-cakes og nesten 60 kaker, seier Borlaug då Porten.no endeleg får tak i ho laurdag ettermiddag.

Les også: Gir initiativtakarane bak Tya bakeri og bryggeri ros

Valentinsdagen var fyrst og fremst feira i engelskspråklige land, men markeringen og markedsføringen av dagen har spreidd seg til ei rekkje andre land - også Norge.

KJÆRLEIK: TYA-bakeri ønskja å spre litt ekstra kjærleik denn helga og lagde difor cup-cakes med Valentinsdag-tema. Foto: Privat

Mannfolka lot seg frista

Sjølv om det var flest damer som stod for kjøpet av søte cup-cakes, klarde ikkje mennene å halde fingrane av fatet.

- Når vi tipsa mennene som kom inn at konene deira mest truleg ville bli glade for ein cup-cake eller to, lot dei seg frista dei også, seier Borlaug.

Les også: Går over all forventning med Tya Bakeri

TYA-bakeri selde dei heimelaga kakene fredag og laurdag. Klokka tre på laurdag var det fullestendig utseld.

- No måtte vi la konditorane og bakaren få gå heim att. Dei har stått på fleire dagar i strekk no for å dekkje det store behovet, seier ho.

På sjølve Valentinsdagen har TYA-bakeri stengt.

MORSDAG: Fleire hadde ringt inn for å bestille heimelage kake med hos TYA-bakeri. Foto: Privat

Heimelaga smakar best

Januar har vore ein roleg månad for det ellers så populære bakeriet i Årdal. 

- Folk er nok godt mette og lei godsakene etter jula. Difor er det bra for oss å ha desse dagane då det skjer noko ekstra. Det er klart vi let oss påverka av internasjonale trendar, seier Borlaug.

Det har også gått unna på kakefronten. 56 vanlege kaker, og nokre glutenfrie  har gått med til morsdagsfeiringa.

SNADDER: I alt vart det seld 60 kaker hos TYA-bakeri i anledning Valentinsdagen. Foto: Privat

- På farsdagen såg vi same trøkket. Det er klart vi har konkurranse med daglegvarebutikkane. Men vi stod på med kjevlene våre og haldt linja ut. Alt som er laga frå grunnen av smakar mykje bedre. Her er det ingen ferdige miksar, men handtverksbakst, slik det skal vera, seier ho.

Lokalsamfunnet har vore flinke til å støtte opp under TYA-bakeri, og jammen sant kom det ikkje kundar frå nabobygda for å sikra seg kaker til morsdagen også.

- Det gjekk fort i svingane, men eg tykte eg såg eit par ansikt frå Lærdal der i dag, fortel Borlaug.

Ta med deg mamma på trimtur

I ein travel kvardag, kan tid ofte vera den beste gåva ein kan gje nokon ein er glad i. Spesielt for nordmenn, som er kjende for å vera turglade, kan nettopp ein fjelltur vera midt i blinken for dei som har gått tom for idear eller om lommaboka ikkje strekkjer til.

Leiar i Lærdal Turlag, Trond Einemo, tilbyr gladeleg tips til dei finaste turane i nærområdet.

- Det kjem sjølvsagt ann på om ein vil gå opp- eller bortover. Oppoverturar er det nok å velja blant i Lærdal. No når sola har byrja å snika seg fram, vil eg nok anbefala å anten starta i Ofta, på Fodnes eller frå Lunde og deretter gå oppover, seier Einemo.

For dei som ikkje vil gå åleine og som ønskjer ein reiseguide, vert det arrangert spontantur til Sulebu i regi av Rolf Ola Engløkk med oppstar frå rådhuset søndag morgon klokka ni.

Til toppen