LEGGJE PRESS: Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum vil spørje ut og leggje press på kvar einaste stortingsrepresentant som kan tenkjast å støtte tvangssamanslåing av kommunar.​ Foto: Senterpartiet. 
LEGGJE PRESS: Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum vil spørje ut og leggje press på kvar einaste stortingsrepresentant som kan tenkjast å støtte tvangssamanslåing av kommunar.​ Foto: Senterpartiet.  (Foto: Foto: Flickr/Senterpartiet.)

Sp-aksjon skal stoppe storkommunane

Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum vil spørje ut og leggje press på kvar einaste stortingsrepresentant som kan tenkjast å støtte tvangssamanslåing av kommunar.

Sogn: Landets fylkesmenn gjev i desse dagar sine tilrådingar til regjeringa om kommunesamanslåingar. Torsdag klokka 13.00 kjem innstillinga for Sogn og Fjordane. 

Om regjeringa følgjer råda, vil mange kommunar bli slått saman mot sin vilje.

– Heilt vilt! Først set regjeringa i gang ein kjempeprosess med folkerøystingar, naboprat og konferansar. Så kjem regjeringas representant i fylka og seier at alt dette likevel ikkje betyr noko. Det er uhøyrt! torar Vedum.

Planen klar

Sp-leiaren seier han føreset at Sanner klart og tydeleg slår fast at det er uaktuelt å tvinge kommunar saman. Men skulle ein slik garanti ikkje møte fram frå regjeringas side, har Vedum planen klar.

– Då vil vi stoppe dette i Stortinget til våren. Vi kjem til å gå etter kvar einaste representant frå Høgre og Framstegspartiet og spørje om dei verkeleg vil leggje seg ut med innbyggjarane i sine heimfylke.

– Om det likevel blir fleirtal for slike samanslåingar, til dømes ved at regjeringa får støtte frå Venstre, så vil vi oppheve vedtaket etter stortingsvalet neste haust, seier Vedum til NTB.

Han er trygg på støtte frå Arbeidarpartiet og viser til at Ap-leiar Jonas Gahr Støre har sagt at han vil stoppe reforma til Sanner.

– Viktig del

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) seier råda frå fylkesmennene vil vere ein viktig del av grunnlaget når regjeringa til våren kjem med si tilråding til ny kommunestruktur.

– Vi kjem til å gjere meir med kommunestrukturen desse fire åra enn det er gjort dei førre femti, seier han.

Til toppen