ETTERUTDANNING: Senterpartiet spår at fleire lærarar kjem til å penjsonere seg etter at det nye vedtaket om lærarar og studiepoeng vart vedteke denne veka. Foto: Arkiv.  
ETTERUTDANNING: Senterpartiet spår at fleire lærarar kjem til å penjsonere seg etter at det nye vedtaket om lærarar og studiepoeng vart vedteke denne veka. Foto: Arkiv.  

Sp: – Ein trist dag for den norske skulen

Sjølv etter månadsvis med protestar frå tusenvis av lærarar ser slaget no ut til å vere tapt, skriv Senterpartiet i ei pressemelding.  

Eit fleirtal bestående av Høgre, Frp, Venstre og Arbeidarpartiet vedtok tysdag at alle lærarar skal ha eit visst antal studiepoeng for å vere kvalifisert til å undervisa i norsk, matematikk eller engelsk.

Kravet er gitt tilbakeviekende kraft uavhengig av kor lenge lærarane har undervist i skulen.

Einaste som stemte imot

– Dette er ein trist dag for den norske skulen, og spesielt for dei over 30.000 lærarane som i dag har blitt avskilta av regjeringa, Venstre og Arbeidarpartiet, seier Anne Tingelstad Wøien, saksordfører for saken, stortingsrepresentant for Senterpartiet og 2. nestleder i KUF-komiteen på Stortinget.

Senterpartiet var dei einaste som stemte mot saka då den vart vedteken i juni i 2015 og har saman med lærarane prøvd å endra vedtaket blant anna under budsjettbehandlinga.

– Senterpartiet gav i desember 2015 regjeringa og fleirtalet høve til å vurdere saka på nytt. Me vart nok ei gong nedstemt. Tysdag 12. april hadde Stortinget nok ein sjanse til å rette opp igjen feila frå i fjor. Diverre skjedde det ikkje denne gongen heller, seir Tingelstad Wøien.

Avskilta

Senterpartiet ser ingen reell forskjell på forslaget frå Høgre, Frp, Venstre, og forslaget fra Arbeidarpartiet og meiner dei begge vil føra til nøyaktig det samme.

– Sjølv om H, FrP, V og Ap gjer sitt beste i å få saka til å framstå som fiksa og retta opp, så vil ikkje dagens vedtak endra faktum: Lærarar med utdanning frå før 2014 er avskilta, deira grunnutdanning gjelder ikkje lenger, sier Tingelstad Wøien.

Senterpartiet fryktar at me no vil få eit A-lag og et B-lag i skulen.

– Sjølv om lærarane får nokre ekstra år på seg til å imøtekoma dei nye krava, så er realiteta likevel at dei også i overgangsperioden på 9 år frå i dag vil bli innelåst i noverande stillinger. Dei risikerer å ikkje bli føretrekt dersom dei skulle ønskja å byta arbeidsplass. Kven vil vel tilsette ein lærer som kosta fleire studiepoeng? spør Tingelstad Wøien.

Spår tidleg pensjon

I tillegg spår ho at fleire kjem til å vurdere å pensjonera seg tidlegare for å sleppe å belasta kommunane med vidareutdanningskostnad for ein som snart skal pensjonerast. 

 – Det er tydeleg at Stortinget sitt fleirtal ikkje forstod korleis vedtaket frå juni 2015 kom til å slå ut. Det som er så synd, er at dei framleis let att auge og øyre og håpar at alt går over. Det er tross alt over eit helt år til neste stortingsval, avsluttar Tingelstad Wøien.

Til toppen