SAMDE: Petter Sortland (Ap, t.v.) held fram som ordførar i Høyanger kommune, medan Geir Helge Østerbø (Sp) vert varaordførar.
SAMDE: Petter Sortland (Ap, t.v.) held fram som ordførar i Høyanger kommune, medan Geir Helge Østerbø (Sp) vert varaordførar.

Sp får varaordføraren i Høyanger

Geir Helge Østerbø (Sp) vert varaordførar i Høyanger etter at Ap og Sp er samde om valteknisk samarbeid. Petter Sortland (Ap) held fram som ordførar.

Høyanger: Det er klart at Senterpartiet (Sp) vil få varaordføreren i Høyanger kommune dei neste fire åra. Geir Helge Østerbø får vervet etter at partiet er samd med Arbeidarpartiet (Ap). 

Ordførar Petter Sortland (Ap) held fram i vervet. 

Ifølgje ordførar Petter Sortland inngår det ingen politiske bindingar i samarbeidet. 

– Det er berre eit reint valteknisk samarbeid, seier han. 

Kommunestyret skal konstituerast i møtet tysdag. Med ni representantar frå Ap og seks frå Sp er det venta at samarbeidet vert ein realitet. 

Ap såg mot Sp etter at det ikkje vart semje med Raudt og SV om to saker, barnetrygd til sosialhjelpsmottakarar og grunnbemanning innan helse og omsorg. 

Heller blankt enn Sp

Einar Rysjedal gjekk på talarstolen då ordførar og varaordførar skulle veljast. Han sa at partiet tidleg etter valet ga til kjenne at det ønskte at Sortland held fram som ordførar og at Ap også skulle ha varaordføraren. 

– I dei to periodane Sortland har vore ordførar har han vore ein svært samlande ordførar og han har eit inkluderande vesen, sa Rysjedal. 

Raudt er i tillegg imponerte over krafta ordføraren har lagt bak vedtaket om å få Høyanger kommune ut av nasjonal ramme for vindkraft, som vart gjort 20. juni. 

For at partiet skulle støtte at Ap skulle ha både ordførar og varaordførar, ønskte Raudt noko tilbake. Men Ap kunne ikkje gje sterke nok og konkrete nok forsikringar om på støtte barnetrygd til sosialhjelpsmottakarar og å sikre grunnbemanninga innan helse og omsorg. 

– Ved å stemme blankt markerer me sjølvstendet vårt og at me meiner alvor med desse to sakene, sa Rysjedal. 

Ifølgje Raudt-kandidaten var det ikkje eit alternativ å stemme for at Sp får varaordføreren. 

– Det er verre å stemme på eit parti som har barnetrygd for sosialhjelpsmottakarar på programmet og som ikkje stemmer for det likevel, enn at Ap ikkje vil ha barnetrygd som ei universell ordning. 

– Stemmer som dei vil

Avtroppande varaordførar, Kristin Sagerøy Råsberg (Ap), sa i møtet at ho tykkjer det er spesielt at så mykje av dei lukka forhandlingane har komme ut til pressa og i kommunestyret. 

– Eg kunne ha brukt tid på å tilbakevise alt representanten Rysjedal seier, men det gjer eg ikkje. Det vart brot i forhandlingane og kva dei stemmer gjer dei som dei vil med. Me ha gjort våre val ut frå det me meiner er ansvarleg politikk i ein kommune som ligg an til 15,5 millionar i underskot, sa Råsberg. 

Fremja motkandidat

Raudt bad om skriftleg avstemming og fremja Rysjedal som varaordførarkandidat. Sortland vart vald til ordførar for fire nye år med 18 stemmer og tre blanke stemmer. 

Geir Helge Østerbø (Sp) vart vald til varaordførar med 17 røyster. Rysjedal fekk tre røyster og éi røyst var blank. 

Takka for tilliten

Den nyvalde varaordføraren takka for tilliten. Han tykkjer det er kjekt at Sp fekk til eit valteknisk samarbeid med Ap, men minte om at fleirtalet no ligg i kommunestyret.

– Eg håpar me får eit godt samarbeid om mange saker framover med gode diskusjonar i kommunestyret, der dei nye får høve og har lyst til å ta ansvar og nytte talarstolen, sa Østerbø i møtet.

Til toppen