PROVOSERT: Jenny Klinge (Sp). Arkivfoto
PROVOSERT: Jenny Klinge (Sp). Arkivfoto (Foto: Arkivfoto)

Sp-forslag om politireforma stemt ned etter tur

Ingen av forslaga frå Senterpartiet om å styrkje lensmannskontora fekk fleirtal i Stortinget torsdag. Sps Jenny Klinge er særleg skuffa over Venstre.

– Venstre kunne sikra fleirtal for ei styrking av dei attverande lensmannskontora og meir medverking for kommunestyra og dei tilsette i politiet. I staden valde dei å stemme mot forslaga saman med regjeringa, seier Klinge til NTB.

Ho er provosert over regjeringspartia og Venstres "manglande vilje til å justere kursen" og seier at fleire av forslaga fekk støtte frå Ap, KrF, SV og MDG.

– I staden for å lytte til kritikken som har komme, vel regjeringspartia å stemple den som populisme. Dei erkjenner ikkje at dei sjølve har ansvar for at reforma blir gjennomført på ein god måte og at resultatet blir i tråd med bestillinga til stortingsfleirtalet, seier ho.

Eit forslag frå Ap og KrF om å sikre maks 45 minutts reiseveg for 90 prosent av befolkninga ved utskriving av pass og våpenkort, fekk Sps subsidiære støtte. Men heller ikkje dette fekk fleirtal. I staden gjekk Venstre, Høgre og Frp inn for å be regjeringa komme tilbake til Stortinget med ein plan for dette.

– Alle Sps forslag vart nedstemt, og hovudlinjene i politireforma ligg fast. Forlikspartia slår fast at arbeidet skal gå langs dei linjene som Stortinget vedtok, seier Høgres Anders Werp.

Regjeringspartia, KrF, Venstre og Arbeidarpartiet er alle del av forliket om politireforma.

Til toppen