KRANGLAR OM TAL: Forsvarsministeren og Sp-leiar Slagsvold Vedum er usamde om målet for talet soldatar i Heimevernet faktisk er eit kutt eller ikkje. (Foto: Foto: Flickr/Senterpartiet.)

Sp: Forsvarsministeren har feilinformert om HV-kutt

Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum meiner forsvarsminister Ine Eriksen Søreide (H) ubevisst har feilinformert Stortinget om kutt i Heimevernet.

NPK-NTB: – Eg trur aldri vi har sett noko liknande i norsk historie, seier Slagsvold Vedum til Klassekampen.

Onsdag skreiv avisa at sjefen for Heimevernet, generalmajor Tor Rune Raabye, vurderer å trekkje seg i protest om kuttplanane i Heimevernet blir ståande. Sp-leiaren beskriv trusselen om å gå av som «dramatisk» og meiner det tyder på at forsvarsministeren har feilinformert Stortinget.

– Det forsvarsministeren har sagt i Stortinget, er noko heilt anna enn HV-sjefen seier i dag og det vi har fått informasjon om tidlegare. Men eg reknar faktisk med at ho ikkje har gjort det bevisst, sjølv om det ligg politisk usemje i botn her, seier Slagsvold Vedum.

I den vedtatte langtidsplanen for Forsvaret blir det lagt opp til at Heimevernet skal kuttast frå 45.000 til 38.000 soldatar. Samtidig skal Sjøheimevernet bort. Men ifølgje avisa finst desse 45.000 berre på papiret ettersom ikkje alle stillingane er besette. Det reelle talet er derfor mykje lågare.

Kor mykje lågare er HV-sjefen og forsvarsministeren heilt ueinige om. Mens Heimevernet hevdar at det reelle talet er 40.583, har Eriksen Søreide fleire gonger hevda at målet om 38.000 soldatar ikkje er eit kutt, men ei tilpassing til Heimevernets reelle storleik.

Statssekretær Øystein Bø (H) i Forsvarsdepartementen har denne kommentaren:

– Stortinget er ikkje feilinformert. Dette talet representerer talet på stillingar som er besett i Heimevernet. Forsvaret må tilpasse organisasjon og planar til det vedtatte talet.

Til toppen