DRØYM: – Me har jo drøymt om dette. Men me avventar jubelen til dei endelege resultata er klare, seier Aleksander Øren Heen. Foto: Truls Grane Sylvarnes
DRØYM: – Me har jo drøymt om dette. Men me avventar jubelen til dei endelege resultata er klare, seier Aleksander Øren Heen. Foto: Truls Grane Sylvarnes

Sp framfor Ap i Årdal

Etter opptelling av førehandsstemmene er Senterpartiet framfor Arbeidarpartiet i Årdal. I tillegg syner ein uoffisiell valdagsmåling gjort i Årdal, at det skil 7,3 prosent mellom Sp og Ap.

– Dette er over all forventning, og det vert utruleg spennande utover kvelden, seier Aleksander Øren Heen (Sp) på telefon frå Førde.

Han tør ikkje sleppe jubelen enno, sidan det er førebelse tal. 

– Men me kan med sikkerheit seie at Senterpartiet gjer sitt beste val i Årdal, nokon sinne!

Artikkelen held fram under videoen.

Valdagsmåling

Årdal Næringssamskipnad og Kjelde AS har i dag utført ei uoffisiell valdagsmåling, med eit utsnitt av dei stemmeberettiga i Årdal kommune. 

Den syner at Arbeidarpartiet ligg så vidt framfor Senterpartiet i Årdal. 

Uoffisiell valdagsmåling i Årdal syner at Arbeidarpartiet går framfor Senterpartiet med berre 7,3 prosent.
JAMNT: Arbeidarpartiet og Senterpartiet ligg nesten likt etter ei uoffisiell valdags-
måling gjort av Årdal Næringssamskipnad og Kjelde AS. Foto: Illustrasjon/Årdal Næringssamskipnad og Kjelde AS.
Til toppen