FRYKTAR OVERKØYRING: Viss regjeringa set lokale folkeavstemmingar til side for å kunna slå saman kommunar, vil ho føra folk bak lyset, meiner Senterpartiet.​ Foto: Flickr/Senterpartiet.
FRYKTAR OVERKØYRING: Viss regjeringa set lokale folkeavstemmingar til side for å kunna slå saman kommunar, vil ho føra folk bak lyset, meiner Senterpartiet.​ Foto: Flickr/Senterpartiet. (Foto: Foto: Flickr/Senterpartiet.)

Sp fryktar regjeringa vil overkøyra lokal folkevilje

Viss regjeringa set lokale folkeavstemmingar til side for å kunna slå saman kommunar, vil ho føra folk bak lyset, meiner Senterpartiet.

Årdal/Lærdal: – Det vil vera eit angrep på folkestyret og å visa forakt for folk. Det bør ein ikkje i eit demokratisk system, seier Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum til NTB.

Han tok opp folkeavstemmingar om kommunesamanslåing i talen sin til fylkesleiarane i partiet på landsstyremøtet i Oslo måndag. Same dagen røysta innbyggjarane i mellom anna Askvoll, Fjaler og Gaular i Sogn og Fjordane.

Men dersom avstemmingane ikkje går slik Jan Tore Sanner (H) ønskjer, fryktar Sp-leiinga det vil koma nye «sprell» og «krumspring» frå kommunal- og moderniseringsministeren.

– Ein kan prøva å øydeleggja tilliten til lokale folkeavstemmingar og seia at det er eit verktøy som ikkje er eigna. Det har han allereie begynt med, seier parlamentarisk leiar i Sp Marit Arnstad, med adresse Sanner.

– Så kan du setja fylkesmannen i førarsetet og seia at «no må vi venta på det fylkesmannen skal koma med av tilråding 1. oktober» og rett og slett prøva å hoppa over det lokale demokratiet, seier ho til NTB.

– Lurer folk

Over 200 norske kommunar skal halda folkeavstemmingar om samanslåing. I tillegg skal mange gjennomføra innbyggjarundersøkingar, og nokre skal gjera begge deler.

Regjeringa meiner færre kommunar er nødvendig for å sikra alle innbyggjarane gode nok tenester, anten dei bur i store eller små byar og kommunar.

Men viss regjeringa har hatt planar om å overhøyra dei lokale folkeavstemmingane, burde det ikkje blitt invitert til slike røystingar i det heile, meiner Arnstad.

– Viss dei gjer det, meiner eg dei rett og slett lurer folk, seier ho.

Sp-toppen meiner resultatet av rådgjevande folkeavstemmingar i praksis bør binda lokalpolitikarane. Partiet vil heller ikkje ha noko nedre grense for deltaking i folkeavstemmingar om spørsmålet.

Også Ap-leiar Jonas Gahr Støre ber regjeringa og lokalpolitikarane om å respektera utfallet av folkeavstemmingar.

– Formelt er dette rådgjevande folkeavstemmingar. Men når politikarane først vel å gå til folket, ligg det ei veldig kraftig føring for å lytta til folket, sa Støre i helga.

Han meiner det blir «uhyre vanskeleg» ikkje å lytta til innbyggjarane viss oppslutnaden om avstemmingane er så stor at ho speglar synet til innbyggjarane.

– Sentralisering gjev byråkrati

I tillegg til kommunereforma er Sp svært kritisk til planane til regjeringa om å kutta talet på politidistrikt frå 27 til 12 og også til det Vedum karakteriserer som sentralisering av norske sjukehus.

Reformene bidreg ikkje til anna enn å svekkja det lokale folkestyret og skapa fleire byråkratar, meiner Vedum.

– Sentraliseringa går som ein raud tråd gjennom alle politikkområde. Og med sentralisering følgjer byråkratisering, sa han i talen sin.

Aftenposten avslørte i mars at det har blitt over 1.539 nye byråkratiårsverk i departement og direktorat sidan Høgre/Frp-regjeringa tok over makta hausten 2013. Talet er basert på den noverande departementsstrukturen.

Vedum brukte det ferske kommunebarometeret til å streka under dette poenget:

– Faktum er at det er mange av dei små kommunane som leverer best tenester, uansett kva Jan Tore Sanner seier. (©NPK)

Til toppen