SKEPTISK: Rapporten lovar desentralisering, men to av konsekvensane er nedlegging av Distriktssenteret og Merkurprogrammet. Det vil ordførar Jan Geir Solheim (Sp) i Lærdal kjempa for å stoppa.
SKEPTISK: Rapporten lovar desentralisering, men to av konsekvensane er nedlegging av Distriktssenteret og Merkurprogrammet. Det vil ordførar Jan Geir Solheim (Sp) i Lærdal kjempa for å stoppa. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Sp-ordføraren er kritisk til rapport som lovar desentralisering

– Overskrifta er feil.

Lærdal: Eit ekspertutval føreslår i ein rapport å flytta ei rekkje statlege oppgåver til fylkeskommunane. Rapporten har generelt fått god mottaking, men det meiner ordførar Jan Geir Solheim (Sp) i Lærdal er fordi dei fleste berre har lese overskrifta.

– Eg trur ikkje det er så grådig mange som har tatt seg tida til å lesa heile, seier han, og viser til den 190 sider lange avhandlinga ekspertane no ønskjer tilbakemelding på.

Blar du gjennom dokumentet, vil du oppdaga at Distriktssenteret, som har eitt av tre kontor i Sogndal, er føreslått nedlagt. Merkurprogrammet, eit statleg støtteprogram for småbutikkar i distrikta, det same. I staden skal fylkeskommunen ta over funksjonen og verkemidla desse har rådd over.

– Viss dei står i fare, då er overskrifta i rapporten feil, seier Solheim.

FØRESLÅTT NEDLAGDE: Distriktssenteret blir nedlagd om ekspertutvalet sine forslag får gjennomslag. Avdelingsleiar Steinar Fredheim i Sogndal trur kommunane blir taparane. Foto: Ole Ramshus Sælthun/arkiv

Overskrifta er forresten «Desentralisering av oppgåver frå staten til fylkeskommunane».

Avdelingsleiaren er kritisk til rapporten

Distriktssenteret sjølv er òg kritiske til nedlegginga, noko dei har gitt uttrykk for i deira høyringssvar.

– Dette vil gå ut over kommunane, seier Steinar Fredheim, avdelingsleiar i Sogndal.

– Dersom funksjonane våre hamnar under fylkeskommunen, så blir det ei oppgåve blant veldig mange andre, og dermed fort nedprioriert, seier han.

Distriktssenteret vart oppretta for ti år sidan for å hjelpa kommunane med samfunnsutvikling. Dei skulle laga ein nasjonal kunnskapsbase, som skulle gjera det lettare å dela erfaringar på tvers av fylkesgrensene. Dersom ein kommune gjorde noko lurt ein plass i landet, skulle erfaringa enkelt kunne nyttast av andre ein heilt annan plass.

No fryktar Fredheim at denne styrken vil forsvinna.

– Arbeidet blir fragmentert. Nokre fylkeskommunar vil prioritera det eine, andre vil prioritera noko anna. Du får ikkje heilskapen, som har vore styrken vår, seier han.

Ikkje lenge til høyringsfristen går ut

Han veit ikkje kva som vil skje med arbeidsplassane. Det står det ikkje noko om i rapporten. Dei er åtte tilsette på kvart av dei tre kontora.

– Kva dette vil bety organisatorisk og for arbeidsplassane, det har me ikkje tenkt på i det heile tatt. Det me er opptekne av er samfunnnsoppdraget vårt, seier Fredheim. 

Fristen kommunane har til å gje høyringssvar er 9. mai.

– Eg kjenner eg nesten mistar pusten, seier ordførar Solheim om den korte tida som står att.

I sist kommunestyre føreslo han at gruppeleiarane i Lærdal skal søka råd hos partia sentralt, og så gå saman om å skriva kort om innvendingane dei har til ekspertrapporten.

Solheim fryktar det er fleire ting enn nedlegging av Distriktssenteret og Merkurprogrammet han han har gått glipp av.

– Intensjonen om å flytta statlege oppgåver og arbeidsplassar til distrikta er veldig bra. Men når eg oppdagar dei to tinga, då blir eg redd heile planen. Eg synst ikkje det er å flytta makt frå Oslo, seier Solheim.

Til toppen