UTFORDRING: Arbeidarpartiet sin ordførarkandidat, Kjetil Kvåle meinar det kan bli utfordrande å hente inn leiinga.
UTFORDRING: Arbeidarpartiet sin ordførarkandidat, Kjetil Kvåle meinar det kan bli utfordrande å hente inn leiinga. (Foto: Halvor Farsund Storvik / Arkiv)

Sp over dobbelt så store som Ap i nye Sogndal kommune, viser undersøking

Ei ny meingsmåling gjort av Sogn Avis viser at Arbeidarpartiet mest truleg må gje ifrå seg stafettpinnen til Senterpartiet i nye Sogndal.

Indre Sogn: Meningsmålinga er gjort av InFact som har intervjua 512 innbyggjarar over 18 år i Balestrand, Sogndal og Leikanger.

Etter at Arbeidarpartiet (Ap) har vore det leiande partiet i Sogndal kommune dei siste tolv åra, ser det ikkje lovande ut for Ap i nye Sogndal. Berre 18,2 prosent av dei spurte ville ha stemt Ap dersom det var val i morgon, medan heile 42,6 prosent ville ha stemt Senterpartiet (Sp). 

Kvåle: – Tøff oppgåve å henta inn denne leiinga

– Sp har god vind i ryggen og det blir ei tøff oppgåve å henta inn denne leiinga, seier Ap sin ordførarkandidat, Kjetil Kvåle til Sogn Avis. 

Sp sin ordførarkandidat, Arnstein Menes ser på tala som svært gledelege. 

– Eg hadde håpa på opp mot 30 prosent på bakgrunn av Senterpartiet sin nasjonale framgang. Men eg hadde ikkje drøymt om at me skulle liggja så høgt som 40 prosent, seier Menes. 

Elles viser undersøkinga at Høgre hadde fått ei oppslutning på 11,1%

Til toppen