DIGITALISERING: Torsdag la Liv Signe Navarsete og Senterpartiet fram representantforslag om å digitalisere alle tingrettane i Noreg. Foto: Arkiv.
DIGITALISERING: Torsdag la Liv Signe Navarsete og Senterpartiet fram representantforslag om å digitalisere alle tingrettane i Noreg. Foto: Arkiv.

Sp vil digitalisere alle tingrettar

Berre dei største tingrettane i landet er ein del av programmet «Digitale domstolar». Det vil Senterpartiet gjere noko med.

Oslo: Torsdag la Liv Signe Navarsete (Sp) og fleire andre representantar frå Senterpartiet fram representantforslag i Stortinget om å digitalisere tingrettar i Noreg. 

I dag er det berre dei tolv største tingrettane som er med i programmet «Digitale domstoler». Senterpartiet meiner at alle tingrettane må få ta del i det digitale skiftet. Lang saksbehandlingstid kan føre til både ulemper og økonomiske tap for både privatpersonar og næringsliv, meiner partiet.

– Me er opptekne av å halde på strukturen på tingrettane der det er tingrettar i alle delar av landet. Me ønskjer til dømes å halde på tingrettane me har her i Sogn og Fjordane, seier Navarsete til Porten.no og held fram.

– Me har sett tendensar til sentralisering, og no er ein i gang med å digitalisere dei tolv største tingrettane i Noreg. I det ligg det sjølvsagt at dei mindre vert mindre effektive og saksbehandlingstida lengre. Dette kan igjen nyttast som argument for å leggja ned desse tingrettane i framtida, seier ho.

Tryggar tingrettane for framtida

Domstolsadministrasjonen har varsla store kutt i bemanninga i domstolane dei komande åra, og både leiarane for Den Norske Dommerforening og Juristforbundet fryktar at kutta vil føre til lengre saksbehandlingstid.

Senterpartiet meiner at dersom ein skal hente ut ein sokalla «effektiviseringsgevinst» frå domstolane, så må det samtidig leggast til rette for effektivisering, slik at ikkje kutta berre blir eit økonomisk tap for domstolane.

– Når ein set i gang eit slitk prosjekt, må alle med. Dette handlar om å trygge tingrettane for framtida, slik at dei får den same moderniseringa som resten. Dessutan handlar dette om kor attraktivt det vil vere å jobbe for tingrettane, legg ho til. 

Prislapp: 346 millionar kroner

Ifølgje justisdepartementet er prosjektet «Digitale domstoler» berekna til å koste 200 millionar kroner over seks år dersom berre høgsterett og lagmannsrettane og dei tolv største tingrettane er med i prosjektet.

Å inkludere alle tingrettane er estimert å koste ytterlegare 146 millionar kroner fordelt på seks år. Totalt vil då kostnadane for prosjektet «Digitale domstoler» vere estimert til 346 millionar kroner. Senterpartiet sette av pengar til å inkludere alle tingrettane i sitt alternative statsbudsjett for 2017.

Til toppen