IMOT TVANGSSAMANSLÅING: Senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum lovar at alle kommunar som eventuelt blir tvangssamanslått, skal få dei gamle kommunegrensene tilbake dersom dei raudgrøne vinn valet neste år. Foto: Senterpartiet. 

Sp vil oppheve tvangssamanslåing av kommunar

Senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum lovar at alle kommunar som eventuelt blir tvangssamanslått, skal få dei gamle kommunegrensene tilbake dersom dei raudgrøne vinn valet neste år.

Indre Sogn: – Dersom regjeringa vel å tvangssamanslå kommunar, så kjem vi til å reversere dette med éin gong og gi dei kommunane som ønskjer det, moglegheita til å ta vare på sitt lokale sjølvstyre, seier Vedum til NTB.

Til hausten startar prosessen med å teikne eit nytt kommunekart for Noreg, når alle fylkesmennene skal legge fram sine anbefalingar for regjeringa. Regjeringa har varsla at også kommunar som ikkje ønskjer det, kan bli slått saman frå neste vår.

I tillegg vil Vedum gjere om på det nye inntektssystemet for kommunane.

– Det grepet regjeringa har tatt med å straffe små kommunar økonomisk, vil eg endre, lovar han. (©NPK)

Til toppen