FUTURISTISK: Dei tre sjøbodene på Aurlandsvangen frå 1800-talet brann ned i nyare tid. No kan dei stå oppatt i ny drakt, her er arkitektfirmaet Kaleidoscope sin visjon. I bakgrunnen skimtast hotellet i same stil, som vil få 55 rom fordelte over fire etasjar.
FUTURISTISK: Dei tre sjøbodene på Aurlandsvangen frå 1800-talet brann ned i nyare tid. No kan dei stå oppatt i ny drakt, her er arkitektfirmaet Kaleidoscope sin visjon. I bakgrunnen skimtast hotellet i same stil, som vil få 55 rom fordelte over fire etasjar. (Foto: Kaleidoscope)

Spanande hotellplanar i Aurland

Tre arkitektfirma har teikna tre vidt forskjellige forslag til utforminga av eit nytt hotell og tre sjøboder på Aurlandsvangen. Sjå dei alle nedst i saka!

Aurland: Siver Wangen, eigar av Varehuset Brødrene Wangen i Aurland, ønskjer å byggja eit hotell med 55 rom og røysa opp att tre gamle sjøbuer med til saman 20 bueiningar på Aurlandsvangen. Det skriv Aurlendingen.

– Ønskjet er å byggja opp eit nytt og attraktivt tilbod for lokale og besøkande. Området har vore prega av lite aktivitet og til dels manglande vedlikehald, seier Wangen til Aurlendingen.

Ifølgje Wangen har det meldt seg interessentar, både i form av investorar og som framtidige leigetakarar.

Hotell, bustader og oppgradert kaifront

Tre arkitektfirma har kome med forslag til korleis tomta kan utnyttast, og med ulike arkitektoniske løysingar. 

Sjøbuene som stod på området vart bygde seint på 1800-talet, men vart alle råka av brann. Tvillingbuene gjekk tapt i 1992, medan Kolbui lei same skjebne i 2006. I Tvillingbuene vil det koma 14 bueiningar til utleige. I Kolbui vil det koma seks bueiningar, nokre av dei vil verta selde som faste bustader. 

Varehuset der hotellet skal koma må rivast for å gje rom til dei nye planene. I dag er det ein suvenirbutikk og lager der.

– Dette vil bidra til mange arbeidsplassar, og vil vere eit positivt bidrag til Aurland kommune, og spesielt til Aurlandsvangen. Det siste mellom anna gjennom ein oppgradert kaifront og eit meir innbydande utomhusareal, seier Wangen.

Fylkeskommunen rynkar på nasen

Før planane blir realiserte, må dei gjennom politisk handsaming. Tiltaka krev nemleg reguleringsendring.

Til no har einaste motsegna kome frå fylkeskommunen. Dei ønskjer ikkje at den gamle delen av varehuset, som stammar frå 1800-talet, vert endra, langt mindre rive. Dei ønskjer heller ikkje at det blir sett opp nye bygg i siktsona mellom Vangen kyrkje og fjorden.

I planomtalen vert det lova at siktlinja frå kyrkja ikkje vil lida, men at ho vil bli redusert elles når hotellet i fire etasjar kjem opp.

Der står det òg at renovering av varehuset vil verta omfattande, og at tiltakshavar Siver Wangen difor legg opp til riving. I tillegg meiner han det er naudsynt for å skapa eit innhald som stettar behova til turistnæringa, og få til eit attraktivt sentrumsområde for lokale og besøkjande.

FUTURISTISK: Dei tre sjøbodene på Aurlandsvangen frå 1800-talet brann ned i nyare tid. No kan dei stå oppatt i ny drakt, her er arkitektfirmaet Kaleidoscope sin visjon. I bakgrunnen skimtast hotellet i same stil, som vil få 55 rom fordelte over fire etasjar. (Foto: Kaleidoscope)
VINKLAR: Slik ser Cubus Arkitekter for seg at hotellet kan sjå ut, med eit tak i alle moglege slags vinklar. (Foto: Cubus Arkitekter)
VARIERT: Hotellkonseptet til CoCreator legg opp til å kombinera spisse møner og flate tak. (Foto: CoCreater)
GOD UTNYTTING: Slik ser Kaleidoscope for seg hotellet, med god utnytting av toppetasjen i hovudkonstruksjonen. (Foto: Kaleidoscope)
SJØBOD: Slik har CoCreater teikna sjøbodene. (Foto: CoCreater)
Til toppen