GJELDSFRIE: Milliongjelda til Årdal FK er på veg nedover. No håpar leiar i Årdal FK, Geir Kjetil Øvstetun, at klubben vil bli gjeldsfrie om 2-3 år. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 
GJELDSFRIE: Milliongjelda til Årdal FK er på veg nedover. No håpar leiar i Årdal FK, Geir Kjetil Øvstetun, at klubben vil bli gjeldsfrie om 2-3 år. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 

Spår at Årdal FK vert gjeldsfrie om eit par år

Årdal FK har framleis 2 millionar kroner i gjeld, men med nye spelemidlar og sparing, ventar klubben å vere gjeldsfrie om 2-3 år. 

– Vi har som mål å betala ned gjelda vår dei kommande åra. Det er litt meir gøy å driva ein fotballklubb som går i pluss, enn ein som heile tida går i minus heile tida, seier Geir Kjetil Øvstetun, leiar i Årdal FK. 

Store spelemidlar

Klubben fekk i februar delt ut 884.000 kroner i spelemidlar. Desse pengane er øyremerka til å gå til nedbetalinga av gjelda til klubben. Dei reknar også med å få ein momskompensasjon tilsvarande 100.000-250.000 kroner for det nye anlegget. 

– Om vi klarar å redusera lånet med 1,2 - 1,3 millionar kroner i år, så er vi gjeldsfrie om 2-3 år, seier Øvstetun. 

I månaden betalar klubben mellom 50.000 og 100.000 kroner ned på lånet. 

Frå 2014 til 2015 reduserte Årdal FK lånet sitt med 280.000 kroner. Den samla gjelda ligg i dag på 2.005.937 kroner. 

– Til neste år håpar me på at gjelda er nede i 800.000 kroner. 

Frikjøpa spelarar

Draumen for laget er å kunne kjøpa spelarar fri frå arbeid, slik at dei kan delta i fleire kampar. 

– Laget vert svekka om ein ikkje gjere det. No er me på rett veg. For nokre år sidan var den økonomiske situasjonen til laget kritisk, seier Øvstetun. 

Dagen då klubben ikkje lenger har ei gjeld å betala, kjem pengane fyrst og fremst til å bli brukt til å kjøpa spelarar fri for arbeid. 

– Om ein skal kjøpa fri ein spelar som jobbar på Hydro, kan det kosta opp i 12.000 kroner per skift. Fleire av spelarane har brukt fridagane sine å kunne vera med å spela, seier Øvstetun. 

Det å redusera gjelda, har vore hovudfokuset til klubben dei siste fire åra. 

Tok eit alvorleg grep

Klubben har dei siste fire åra redusert kostnadane sine og auka inntektene. Dette har gjort at Årdal FK har redusert gjelda med 2 millionar kroner dei siste fire åra. 

– Me me tok eit alvorleg grep. Når vi er gjeldsfrie kan vi bruke meir pengar på å utdanna folk, treningsfasilitetar og å reise på fleire treningskampar. Me kan også hente fleire spelarar heim som studerar i byane, både årdøler og lærdøler, seier Øvstetun. 

Leiaren har endeleg byrja å sjå lyset og slutten på gjelda. 

– Det betyr utruleg mykje at me om ikkje altfor mange år kan vera gjeldsfrie, seier han. 

I fjor fekk Årdal FK 120.000 kroner i grasrotmidlar.

Under årsmøte i Årdal FK vart det også diskutert om det skulle leggast kunstgras på Jotun stadion. 

–  Den tåle veldig lite trening og vatn, difor får me ikkje brukt den slik me vil. Dei fyrste seriekampane spelar me på kunstgras. Det same gjer me med dei siste. Eit år spelte 1/3 av kampane våre på kunstgras, seier Øvstetun. 

Idrettsrådet jobbar no med saka, og har ifølge Øvstetun, nokre gode planar. 

Til toppen