ERFARING: Johannes Haveland har vore med i 4H i mange år. Han har hatt den høgaste rangen i klubben i to år, jobba med sju eller åtte ulike prosjekt og vore på samtlege 4H leirar sidan 2010. Foto: Sunniva K. Øvstetun
ERFARING: Johannes Haveland har vore med i 4H i mange år. Han har hatt den høgaste rangen i klubben i to år, jobba med sju eller åtte ulike prosjekt og vore på samtlege 4H leirar sidan 2010. Foto: Sunniva K. Øvstetun

Spår god oppslutnad i 4H

Ein av dei som har bidrege til at Årdalsklubben 4H er 20 år gamle Johannes Haveland frå Gulen. Han kjem frå ein 4H familie, og har sjølv vore med i mange år. I Årdalsklubben er han klubbrådgjevar. 

– Det er flott at Årdal no har fått sin eigen 4H klubb. Målgruppa for 4H er born og unge mellom 9-18 år, og målet er å få borna ut i friluft. Me ynskjer at born og unge skal bruke meir av fantasien sin og mindre tid framme datamaskina, seier Haveland

Sport er ikkje for alle

Haveland seier at det ikkje har vore grunnlag for å starte ein 4H klubb i Årdal, då 4H tidlegare har vore jordbruksretta. No derimot, meiner han at 4H har utvikla seg i takt med verda elles, og at klubben er aktuell i eit samfunn som Årdal.

– Me har sondert terrenget og sett at ein klubb som 4H kan funke godt i Årdal. Dette fordi at dei typiske sportane som fotball og handball ikkje talar til alle, og at dei som vert ståande utanfor og bør ha eit tilbod.  Me reknar med at 4H klubben i Årdal kjem til å få om lag 25-30 medlemmar.

Fokus på natur

Haveland ser føre seg at klubben vil møtast 2-3 gongar i månaden, der det kjem til å vere fokus på det å vere ute og nytte seg av naturen. Det vert og arrangert leirar i regi av 4H, som er av og for klubbmedlemmar.

– Leirane er noko av det kjekkaste som er! Der får borna lære og oppleve utruleg mykje. Dei kan velje mellom ulike turar og mange ulike aktivitetar. Aktivitetane kan vere alt frå volleyball og klatring, til rafting og «scrapbooking».  

Til toppen