AUST: 3. divisjonslaget Årdal FK sparar mykje reisetid og kostnadar ved å byta avdeling frå vest til aust. Foto: Arkiv. 
AUST: 3. divisjonslaget Årdal FK sparar mykje reisetid og kostnadar ved å byta avdeling frå vest til aust. Foto: Arkiv. 

Sparar nesten 2000 kilometer i reise

Årdal FK sparar betrakteleg mykje meir reisetid i Austlandsavdelinga enn det dei gjorde under fjorårets sesong. 

Årdal: I fjor køyrde fotballaget tilsaman 9.000 kilometer til og frå kampar. Denne sesongen er talet mykje mindre, med berre 7.346 kilometer til og frå dei ulike bortekampane. 

– Dette er ein av hovudgrunnane til at me ønskja å byte avdeling frå vest til aust. Både for reistekostnadane og tida me brukte på ferje, tunnel og vegstengingar, seier trenar Ivan Øy. 

Les også: Bli kjend med Årdal sine motstandarar i avdeling 3

12-timars reiseturar

Årdal FK har tidlegare møtt lag frå Ålesund i Møre og Romsdal, ein reise som tok dei seks timar ein veg. 

– Ein kjem langt austover på seks timar, seier Øy. 

Laurdag hadde fotballaget ei av sine lengste turar i den nye avdelinga på Austlandet, då dei møtte Flisa på bortebane. Tur-retur er reisa på 560 kilometer og tek omlag fem timar ein veg. 

– Dette var ein av dei lengste turane våre, då seier det seg sjølv at vi sparar mykje tid på dei bortekampane som ligg nærare Årdal. I tillegg er det omtrent ikkje tunnelar den vegen. Ikkje det at me er klaustrofobiske, men dei er ofte stengt slik me opplever stadig i Sogn og Fjordane, seier Øy. 

Altfor mykje reisetid

Fleire av Årdal FK spelarane vurderte å fjor å slutte på laget grunna dei lange reisane. 

– Belastinga me har hatt på spelarane dei to siste sesongane har gjort at fleire av dei har gått i tenkeboksen og vurdert om dei i heile teke skal vere med å bruka så mykje tid på reise, seier Øy. 

Nokre av turane kunne ta opp til 16 timar og trenaren har stor forståing for at mange av spelarane tenkte i dei banene at dette vart for mykje. 

– Det blir spennande og kome seg austover og er eg svært nøgd med den nye reiseruta, seier han. 

Historisk sett, når Årdal FK og Jotun var i 2. divisjon, reiste dei mykje austover. 

– Så dette kjenner me godt til. Det blir litt nostalgisk å reisa den vegen, seier Øy. 

 

Til toppen