PREMIERING: – Vi har vore opptekne av å byggje sterke kompetansemiljø til dømes rundt IT regionalt, i motsetning til andre som outsourcar til India. Dette er ei premiering til dei som har gjort det. Foto: Sparebanken Vest.
PREMIERING: – Vi har vore opptekne av å byggje sterke kompetansemiljø til dømes rundt IT regionalt, i motsetning til andre som outsourcar til India. Dette er ei premiering til dei som har gjort det. Foto: Sparebanken Vest. (Foto: Sparebanken Vest)

Sparebankar meiner finansskatt skader distrikta

15 sparebankar har sendt bekymringsmelding til finanspolitikarar på Stortinget om at den planlagde finansskatten favoriserer dei store bankane og premierer outsourcing.

Sogn: – Vi har vore opptekne av å byggje sterke kompetansemiljø til dømes rundt IT regionalt, i motsetning til andre som outsourcar til India. Dette er ei premiering til dei som har gjort det, og ei straff til dei som har vore opptekne av å byggje opp kompetansearbeidsplassar i nærmiljøet, seier administrerande direktør Jan Erik Kjerpeseth i Sparebanken Vest til Nationen.

Regjeringa sine planar om å skattleggje finansnæringa med 3,5 milliardar kroner neste år, er grunnen til at han sende bekymringsmeldinga til politikarane i finanskomiteen. Den nye skattlegginga av finansnæringa var eit viktig element i skatteforliket som blei vedteke på Stortinget tidlegare i år.

Leiar i finanskomiteen Hans Olav Syversen (KrF) seier at han forstår bekymringa.

– Vi må sjå på utforminga og korleis det vil slå ut i Bank-Noreg. Viss ein legg alt på dei tilsette, vil det vere ein disfavør av dei som vel å ha mange tilsette her i Noreg, seier Syversen.

Alle partia i finanskomiteen med unntak av SV og MDG blei einige om forliket om bedriftsskattlegging i byrjinga av mai. Venstre tok eit klart atterhald om korleis skatten skulle innførast. (©NPK)

Til toppen