BUR SEG PÅ NEDGANG: Sparebanken Sogn og Fjordane har sett av 53 millionar til forventa tap på grunn av usikre tider i næringslivet i fylket
BUR SEG PÅ NEDGANG: Sparebanken Sogn og Fjordane har sett av 53 millionar til forventa tap på grunn av usikre tider i næringslivet i fylket (Foto: Sunniva Knutsen)

Sparebanken bur seg på usikre tider

Sparebanken Sogn og Fjordane hadde eit overskot på 125 millionar kroner det første halvåret av 2016. Det er 42 millionar mindre enn i fjor.

Hovudårsaka til nedgangen er at banken har sett av 53 millionar til forventa tap på grunn av usikre tider i næringslivet i fylket.

I ei pressemelding skriv banken at biletet er samansett og at det ikkje berre er negative trendar å spore. Mellom anna er arbeidsløysa i fylket på veg ned og banken skriv at dei opplever investeringsvilje og låneetterspurnad frå næringslivet.

Les også: Historisk godt resultat

Bustadlåna veks

Eit lyspunkt for banken sitt vedkomande er ein vekst i bustadlåna det siste året på 2,4 milliardar kroner. 

Tøff konkurranse om kundane gjer likevel innteninga på bustadlåna svakare.

– Ein vekst på 8,6% i utlån til privatmarknaden dei siste 12 månadane, viser at vi er konkurransedyktige i kampen om kundane, seier administrerande direktør Trond Teigene i ei pressemelding.

Framleis størst i fylket

Den sterke marknadsposisjonen banken har i fylket held seg stabil, med ein svak vekst. Målt i utlånsvolum har banken 47% av privatmarknaden og 34,5% av bedriftsmarknaden i Sogn og Fjordane.

I tillegg har den etablert ein god posisjon på privatmarknaden utanfor fylket, og nærare halvparten av veksten er i dei store byane i Norge.

– Trass i resultatnedgang og auka tapsavsetningar, viser utlånsvekst og investering i nye løysingar at dette er ein offensiv og framoverlent bank, seier administrerande direktør Trond Teigene i pressemeldinga.

Til toppen