ÅRDAL: Fleire lag og organisasjonar får koronahjelp i Årdal.
ÅRDAL: Fleire lag og organisasjonar får koronahjelp i Årdal. (Foto: Sparebanken Sogn og Fjordane)

Sparebanken delte ut koronahjelp i Årdal og Sogndal – sjå kven som fekk nedst i saka

Onsdag delte Sparebanken Sogn og Fjordane ut over 300.000 kroner i koronastøtte i Sogn.

Sogndal/Årdal: I ein pressemelding kjem det fram at i går kveld samla banksjef for bedriftsmarknad, Jan-Petter Vadheim, ei rekke av dei lokale laga og organisasjonane til bank-kontoret i Sogndal.  Det same gjorde bank-kontoret i Årdal, som delte ut gåver både til koronastøtte og til andre prosjekt.   

SOGNDAL: I Sogndal fekk Syril IL den største summen. Foto: Sparebanken Sogn og Fjordane

Då korona stengte ned Norge i mars gjekk det hardt ut over økonomien til lag og organisasjonar, og Sparebanken Sogn og Fjordane si eigarstifting satt opp ei ekstra søknadsrunde der lag og organisasjonar kunne søke om midlar for å dekke tapte inntekter.  

– Me ser at lokalmiljøet er prega av koronaviruset, og fleire lokale lag og organisasjonar slit økonomisk grunna inntektsbortfall eller kostnader etter avlyste arrangement. Derfor er det kjekt at vi kan dele ut til saman 318.000 kroner i «koronastøtte» i Sogn-området, og eg håpar at dette kjem godt med og at det kan vere med å redusere dei økonomiske konsekvensane, fortel banksjef for bedriftsmarknad i Sogndal, Jan-Petter Vadheim.  

SYRIL: Idrettslaget på Leikanger fekk 400 000 kroner til nytt lysanlegg. Foto: Sparebanken Sogn og Fjordane

Friidrettsstadion

I tillegg til koronastøtta delte han onsdag ut 400.000 kroner til Syril IL. Gåva er øyremerka lysanlegg på Syril stadion.  

– Me skal no bygge eit friidrettsanlegg for 10 millionar kroner, og dette anlegget vil vere heile grunnlaget for friidrettssatsinga dei neste 20-30 åra.  Støtte til lys gjer at brukstida blir vesentleg utvida, da ein også kan trene etter det er mørkt ute, fortel Jørgen Dahle Eikenes, prosjektleiar for utbygging av friidrettsanlegget på Leikanger.  

– Gåvetildelingane våre tar sikte på å støtte framtidsretta god prosjekt, og i år går vi i tillegg inn med økonomisk støtte til lag og organisasjonar som er påverka av  korona. Syril er eit godt døme på dette. Vi ønskjer dei mange og lange treningskveldar i mange år framover, og gjev derfor 400.000 kr til lysanlegg som sikrar dette. Vi ser og at dei har hatt tapte inntekter og støttar difor og med 30.000 kroner til nettopp dette inntektsbortfallet, seier Vadheim.  

Lag Formål Sum
Lærdal Turlag - Skilting 10 000 kroner
Kaupanger idrettslag  Korona 100 000 kroner
Tangen kjøre og rideklubb HC-venleg rampe og utstyr til riderampe 18 000 kroner
Leikanger skyttarlag Korona 65 000 kroner
Stiftinga Avdalen Gard Korona 20 000 kroner
Leikanger Røde kors Korona 50 000 kroner
Leikanger skulemusikk Korona 17 000 kroner
Leikanger musikklag Korona 15 000 kroner
Idrettslaget Jotun Jenter på feltet 30 000 kroner
Fremre Utladalen Ve Ballbinge og pumptrackbane 50 000 kroner
Idrettslaget Syril Korona 30 000 kroner
Kaupanger bedehus Korona 23 000 kroner
 LHL Sogndal-Leikanger-Vik Treningsopplegg og kurs 10 000 kroner
 Syril IL Lysanlegg 400 000 korner
Til toppen