BANKBLEMME: Menneskeleg svikt skal vere årsaka til at vedlegget med personlege opplysingar kom på avvege. Foto: Illustrasjon.
BANKBLEMME: Menneskeleg svikt skal vere årsaka til at vedlegget med personlege opplysingar kom på avvege. Foto: Illustrasjon.

Sparebanken Vest delte personleg informasjon om eigne kundar

Sparebanken Vest sendte ut e-post til kundar med navn og personlege opplysingar om 2500 personar.

Det var torsdag at feilen skjedde. Ein e-post vart sendt ut til 270 kundar der ei liste med navn og personnummer, adresse, e-post og telefonnummer til 2500 personar låg vedlagt. Det var BT som først omtala saka.

BEKLAGAR FEIL: Informasjonssjef Lars Ove Breivik seier dei skal sjå på dei interne rutinane.
BEKLAGAR FEIL: Informasjonssjef Lars Ove Breivik seier dei skal sjå på dei interne rutinane.

Til Porten.no fortel informasjonssjefen i banken at e-posten vart sendt av ein rådgjevar ved lokalkontoret på Voss. 

– Det er ein menneskeleg feil som har skjedd. Her er det eit vedlegg som ikkje skulle ha blitt sendt ut, det var eit internt arbeidsdokument som ikkje skulle ha vore med i den e-posten, seier han.

På Facebook reagerer enkelte kundar på at ein tilsvarande tabbe vart gjort seinast i fjor, då av ein tilsett ved lokalkontoret i Sogndal. Dette stadfester Breivik, sjølv om han ikkje hugsar detaljane kring kva opplysingar som var med i vedlegget den gong. Han fortel at banken allereie har varsla Datatilsynet og Finanstilsynet. 

Til BT opplyser Datatilsynet at det er liten sjanse for at informasjonen kan bli misbrukt. 

– I utgangspunktet så burde ikkje denne typen opplysingar vere nok til å kunne misbruke identiteten til ein annan person. Det er likevel ein viss risiko for misbruk. Det er mykje informasjon som er delt, seier Atle Årnes, fagdirektør i Datatilsynet til avisa.

Til toppen