GLATT: Slik såg det ut på riksveg 52 over Hemsedalsfjellet klokka 10.12 i dag tidleg.
GLATT: Slik såg det ut på riksveg 52 over Hemsedalsfjellet klokka 10.12 i dag tidleg. (Bilde: Webkamera/Statens vegvesen)

Spegelglatte brattbakkar mellom Lærdal og Hemsedal, to vogntog køyrde seg fast på Borlaug

No melder Vegtrafikksentralen at strøbilen er godt i gang med å gjera vegen farbar att. Sjekk stoda på vegane i Sogn!

Lærdal: Det var spegelglatt opp brattbakkane frå Lærdal mot Hemsedal i natt. Ein vogntogsjåfør hadde ringt inn til vegtrafikksentralen grytidleg i dag og åtvara mot såpeføre. Kom det eit vogntog rennande nedetter bakkane i mot han kunne det verte skummelt, meinte han.

Og litt seinare fekk eit utanlandsk vogntog problem ned. Vogntoget «saksa», bakerste vogna sklei or vegbanen. 

– Dersom det ikkje er skikkeleg vinterdekk eller kjetting på hengarane på vogntog no, so sklir dei fort ut av vegen, fortel Ketil Molvær, operatør hjå Vegtrafikksentralen. 

Han seier det er vanskelegare å køyra nedover på glatta, enn opp. Likevel var det òg eit vogntog på veg austetter og oppetter mot Hemsedal som køyrde seg fast.

SNART OPNA: Sognefjellet kan snart bli opna, etter å ha vore stengt sidan onsdag.
SNART OPNA: Sognefjellet kan snart bli opna, etter å ha vore stengt sidan onsdag. Foto: Webkamera/Statens vegvesen

Fjellovergangen Lærdal-Hemsedal er ikkje lenger særleg glatt, Sognefjellet skal opna snart

Det eine vogntoget var nære ved å sperre for brøyte- og strøbilen, men han klarte å passera med hårfin margin.

Dermed går det no greitt å køyra fjellovergangen mellom Lærdal og Hemsedal, opplyser Vegtrafikksentralen.  

Det same gjeld dei øvrige fjellovergangane mellom Sogn og Austlandet. 

Unnataket er Sognefjellet, som har vore stengd sidan onsdag. Truleg opnar fjellovergangen ganske snart. På sognesida av fylkesgrensa er vegen snart ferdig brøytt, medan det er usikkert korleis stoda er på Oppland-sida. 

Utsiktene inn mot helga

Elles melder vegtrafikksentralen at vêrtilhøva ser bra ut fram mot kvelden. Det er meld lite nedbør, men det kjem til å blåsa opp litt i åtte-nitida i kveld.

– Det ser ikkje ut som om det vert hakkande gale. Det vert nok ikkje so gale at det vert kolonnekøyring, seier Molvær.

Køyretilhøva inn mot helga på fjellovergangane ser fine ut, trass i at yr.no melder om ein gradestokk som kjem til å krypa ned til frysepunktet. 

– So lenge det er meldt lite nedbør, so går det som regel greit. Då strør vegvesenet, seier operatøren.

– Køyretilhøva for helga ser ikkje ut til å verta so ille, for å seia det rett ut, seier vegtrafikksentralen, som likevel rår folk om å følgja med på nettsidene til vegvesenet.

Til toppen