Årdal: I samband med filminnspelinga vert det manuell dirigering av trafikk i Årdal nokre dagar desse to vekene.
Allereie 18.mai er Miso Film på plass ved Norsun på Årdalstangen, der skal dei spele inn opptak frå omkring klokka 17.00 til 21.00.
Fredag 20.mai blir det opptak ved friluftsbadet, gamle festplassen, torget nede ved kaia og ved øvste gangbrua på Årdalstangen. Der skal dei vere frå omkring klokka 09.00 til 18.00
Dei skal også spele inn opptak i Øvre Årdal ved Gamleskulen. Dette skjer fredag 27.mai frå omkring klokka 08.00 til 15.00
Dei andre dagane i vekene held dei på med innspeling på fjellet og andre plassar rundt om i bygda.