ISKONSERT: Søndag skal ismusikar Terje Isungset og bandet hans Icemusic opptre på kulturhuset i Lærdal. Foto: Pressefoto. 
ISKONSERT: Søndag skal ismusikar Terje Isungset og bandet hans Icemusic opptre på kulturhuset i Lærdal. Foto: Pressefoto. 

Spelar medan instrumenta smeltar

– Jo kaldare det er, desto betre er det, seier musikar og komponist Terje Isungset. 

Lærdal: Søndag skal verdas einaste is-musikar halde konsert i Lærdal. 

– Det blir forhåpentlegvis ikkje kjølig stemning sjølv om eg spelar på is, seier Isungset til Porten.no. 

KJLØIG: Terje Isungset likar det helst kaldt når han opptrer.      
KJLØIG: Terje Isungset likar det helst kaldt når han opptrer.      

Verdas einaste 

Ismusikaren har spelt på is sidan Vinterspillene på Lillehammer i 1999. 

– Eg vart spurd om å laga ei bestillingssak til Vinterspillene og då skulle det vere ein frossen foss i kulissane. No har eg spelt på is-instrument i 16 år, seier han. 

Sidan den gong har Terje Isungset vore på turne verda rundy med sitt unike konsept og ifølgje den amerikanske nyheitskanalen CNN, er Isungset verdas einaste profesjonelle ismusikar. 

– I løpet av åra har eg lært ein del om klang når eg spelar inne. Så den er lett å kontrollere, spesielt med mine eigne låtar og komposisjonar. Maria Skranes syng og eg spelar på is-instrument, forklarar Isungset. 

Han har halde konsertar i både Russland, USA, Canada, Japan, Kina, Australia, Grønland, India og dei fleste europeiske land. 

INSTRUMENT: Terje Isungset spelar på instrument av is.
INSTRUMENT: Terje Isungset spelar på instrument av is.

Intim is-konsert

Ismusikaren gledar seg ekstra mykje til å opptre nettopp i Lærdal. 

– Kona mi er jo frå Lærdal og me har eit sommarhus der som me pleier å bu i på sommarhalvåret. Det blir veldig spennande å opptre i Lærdal og sjå om nokon kjem for å høyre på. Det er den minste scena eg har spelt på, så det blir nok ein intim konsertoppleving, seier han. 

Tysdag rauk transporten, noko som medførte at mykje av is-instrumenta smelta. 

– Me måtte jobba heile natta og i morgontimane for å reparere og laga nye instrument. Eg håpar inderleg at det ikkje skje igjen, seier Isungset. 

Instrumenta er laga i samarbeid med ein verdskjent amerikansk skulptør. 

– Ein får ikkje akkurat bestilt eller kjøpt det på butikken. På vintertid pleier eg å leite etter is med klang, men utfordringa er å finne den perfekte isen. 

TV: Iskonserten frå 2014 på Eidsvoll vart sendt på TV.                              
TV: Iskonserten frå 2014 på Eidsvoll vart sendt på TV.                              

– Smeltar ein del 

Sjølv om Isungset og resten av bandet prøver å kontrollere forholda mest mogleg, hender det ofte at instrumenta smeltar under konsertane. 

– Dei smeltar ein del, så mykje må planleggast. Ein har vanleg innetemperatur i kulturhus, så det blir ikkje så veldig kaldt for publikum. Jo kaldare, jo betre er det, seier Isungset. 

Under 2000 års grunnlovsmarkeringa på Eidsvoll i 2014, vart konserten til Isungset sendt direkte på TV. Nyleg har ismusikken blitt portrettert i tre filmar i USA/Canada, Frankrike og Sør-Korea. No er det Norske Kulturhus som står for tur.

– Musikk er ikkje så smal. Mange i utlandet strøymer har stor interesse for denne typen musikk, i Noreg er det meir variabelt. Men publikum er det overalt, avsluttar han.

SKULPTØR: Det er ein amerikansk verdskjent skulptør som har utforma instrumenta.
SKULPTØR: Det er ein amerikansk verdskjent skulptør som har utforma instrumenta.

Håpar på mykje folk

I løpet av konsertturneen som kjem innom fleire norske kulturhus, får publikum også sjå at kunstnaren Anastasia Isachsen set det heile i perspektiv når ho tek publikum med inn i isen si visuelle verd med sin videokunst.

– Eg trur det blir ein kjempe konsert og eg håpa at det vil koma mykje folk. Dette er ein type konsert som burde fenga alle typar publikum. Det er ei oppleving alle burde få med seg, seier Magne Grøttebø, kultursjef i Lærdal. 

Isen som blir brukt vart henta opp fra eit vatn på Geilo i samband med Icemusicfestival i januar 2016.

Instrumentene som blir brukt er isofon, ishorn, isbukkehorn, istrommer, isperkusjon og isringler. Musikken er frå Isungsets 2 siste isplater “Winter Songs” og “Meditations”

Før konserten i laurdag skal Icemusic, som gruppa heiter, også halde konsert i Sogndal Kulturhus. 

Til toppen