Årdal: – Tidlegare har me spela på små lokale festar, men me har ikkje hatt ein slik konsert før der det fyrst og fremst handlar om oss, seier Viktor Vee, vokalisten i årdalsbandet Tetanuz.
– Korleis er forventningane til konserten?
To av bandmedlemene seier dei håpar på at det kjem mange folk, medan dei andre to nikkar.
– Og so håpar me at publikum likar konserten, seier bassist Ola Akre.

– Gutane berre matar på
Kulturskulelærar Ketil Thorbjørnsen er imponert over kva bandet har fått til, og meiner alt er duka for ein fantastisk konsert på fredag.
– Dei berre matar ut musikk heile tida. Er dei ei helg oppi Hugin, so kjem dei med ny låt. Det er veldig imponerande. Ufatteleg bra.

So rettar Thorbjørnsen seg mot bandet:
– Frå gong til gong når eg høyrer dykk so er det framgang å spora. Og det er veldig inspirerande for meg som jobbar i kulturskulen.

Skaparprosess i fellesskap. Lèt seg inspirera av gamal litteratur
Tobias Hagen dreg nokre riff på el-gitaren, som inspirerer Viktor Vee til å nynna ein melodi. So nynnar han nokre ord òg, som han synest passar til stemninga i melodien.
Når bandet i fellesskap har spela seg fram til det som liknar konturane av ein song, set dei seg ned saman og skriv teksten.
Dei lèt stemninga i melodien påverka kva songen skal få handla om. Dei diktar fram ei historie, som vert formidla i songversa.

– Tekstane handlar om personlege tema og ting me interesserer oss for, seier el-gitarist Hagen.
Han og Viktor Vee fortel om kva den siste songen dei nyss øvde på handlar om:
Om Cthulhu. Det er ein vondarta skapnad som kom farande langt ute ifrå universet til jordkloten for svært lenge sidan. Etter at også menneska kom til, har han plaga dei.
Cthulhu-karakteren er henta frå ei amerikansk kultnovelle frå 1926.

Dei er alt i gong med å øva inn songar til framtidige konsertar
– Når me har laga ein song, so går me rett på å laga ein ny ein, seier Viktor Vee.
Og dei gløymer ikkje bort dei gamle songane av den grunn.
– Me spelar gjennom heile repertoaret vårt ofte, og då kan me ikkje gløyma songane. Me øver og øver og øver, so og seia, forklarar Tobias Hagen.
– Kva er det kjekkaste med å driva med musikk?
– Det er å skapa noko som me får framføra for folk, og so å laga noko saman, seier Vee.

– Og so er det ein slik god fridom i det å spela, seier Tobias Hagen.
Han forklarar at om eitkvart ikkje er kjekt, so er det ein utveg og ei frihamn i musikken.
– Og so er musikken ein måte å uttrykkja seg sjølv på. Gjennom han, kan me seia kva me føler og kva me har på hjarta, seier den eldste av dei to brørne Hagen i årdalsbandet Tetanuz.
Mykje ligg til rette for at folk kan dukka opp i hopetal på konserten
Kulturskulelærar Ketil Thorbjørnsen er glad for at det vert sett opp gratis buss frå ungdomshuset i Øvre Årdal til Årdalstangen som skal gå 23.35, slik at flest mogleg ungdomar kan få med seg dette.
– Gutane kan det dei skal, og dei får proff lydsetjing og lyssetjing og røyk. Me berre matar på. Det vert heftig, seier Thorbjørnsen, og legg til, dels på skjemt:

– Det kjem nok til å koma ein del Britney Spears fans òg, men dei får berre tola det. Me lukkar døra, so får ikkje publikum gå før konserten er ferdig.
Det som er sikkert er at det vert ope hus i ungdomshuset i Øvre Årdal frå og med klokka ni om kvelden for alle dei som er tretten år gamle eller eldre.
Truleg er det ikkje berre årdøler som dukkar opp. På spørsmål om jentene set pris på musikken deira, svarar dei at det er so. Men dei fortel at det so langt fyrst og fremst er jentene i nabokommunane som har fått opp augo for musikken.
– Det er somme jenter her i Årdal som set pris på musikken vår òg. Men dei fleste likar best popmusikk, seier Ola Akre.