DUO: Freek Ypma og Dora David skal spele våren inn med eit variert program torsdag ettermiddag i Sogndal. Foto: Privat. 
DUO: Freek Ypma og Dora David skal spele våren inn med eit variert program torsdag ettermiddag i Sogndal. Foto: Privat. 

Spelar våren inn langs elva

Duoen Freek Ypma og Dora David skal saman med musikkelevar frå Årdal kommune spela vårkonsert ved Elvehaug i Sogndal. 

Sogndal: Piano- og fløyteelevar frå Årdal Musikk og Kulturskule skal spele under vårkonserten "Musikk Ved Elven" saman med Dora David på fløyte og Freek Ypma på klaver torsdag kveld. 

Konserten skal føregå langs elva på ein eigedom som i si tid vart gitt til De Heibergske Samlinger Sogn Folkemuseum. 

– Vårkonserten er lagt til eit fantastisk stort og fint hus langs elva, seier Freek. 

Flinke elevar

Pianoelev Matilde Dvergedal skal spela songen What Are Words og Andrea Håheim skal spela Beethoven på piano. 

– Det er dei flinkaste elevane og eg trur det sjølve likar å vere med på konsertar også, seier Freek. 

Fløyteelevane Marie Bjørnetun og Ailin Hellebø skal blant anna spela Vamp sin Tir n’a noir på fløyte. 

Freek og Dora starta å spele saman for eit par år sidan og har sidan den gong hatt konsertar i kyrkjer og kultur i Indre Sogn og ellers på Vestlandet. 

– I starten av juni skal me til Amsterdam, seier Freek som saman med Dora spelte då konfirmantane skulle til kyrkja førre helg. 

I august skal duoen spele på ein ungarsk festival i Undredal. 

 

 

Til toppen