SPELEMIDDEL TIL TURLØYPER: – Skilting og merking av nye stiar og løyper i fjellet, eller ved kysten, er avgjerande for at folk skal føle seg trygge når dei er ute i naturen. Det senkar også terskelen for at fleire kjem seg ut, seier kulturministeren. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
SPELEMIDDEL TIL TURLØYPER: – Skilting og merking av nye stiar og løyper i fjellet, eller ved kysten, er avgjerande for at folk skal føle seg trygge når dei er ute i naturen. Det senkar også terskelen for at fleire kjem seg ut, seier kulturministeren. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Spelemiddel kan bli til turløyper

Kulturdepartementet har opna for at spelemiddel kan gå til skilting og merking av turløyper og stiar. Ei god nyheit for mange, meiner Norsk Friluftsliv. 

Indre Sogn: Kulturminister Linda Hofstad Helleland opnar for at spelemiddel kan dekkje inntil halvparten av prosjekt som gjeld skilting og merking av turløyper og stiar, med eit toppbeløp på 300.000 kroner, skriv Norsk Friluftsliv i ei pressemelding.

– Skilting og merking av nye stiar og løyper i fjellet, eller ved kysten, er avgjerande for at folk skal føle seg trygge når dei er ute i naturen. Det senkar også terskelen for at fleire kjem seg ut, seier kulturministeren.

Friluftsorganisasjonane har jobba lenge for at skilting av turløyper skal få tilskot frå tippemidla.

– At det no kan søkjast om spelemiddel til skilting og merking av turløyper og stiar er veldig gledeleg. Eg er til liks med kulturministeren overtydd om at for mange er det avgjerande for turen om løypa eller stien er skilta – slik at ein veit litt om kor lang eller krevjande turen er, seier Lasse Heimdal, generalsekretær i Norsk Friluftsliv.

Det har sidan 2010 blitt brukt 100 millionar kroner på å merke totalt 25.000 kilometer med turløyper gjennom Turskiltprosjektet. Finansieringa av dette, som Gjensidigestiftelsen og fylkeskommunane står for, går ut i 2017. Difor er Heimdal ekstra glad for nyheita frå kulturministeren.

(©NPK)

Til toppen