KLAR: Jotun-trenar Olafur Sveinsson seier han ikkje er nevøs før den viktige kampen mot Kjøkkelvik i kveld. Arkivfoto: Sunniva K. Øvstetun.
KLAR: Jotun-trenar Olafur Sveinsson seier han ikkje er nevøs før den viktige kampen mot Kjøkkelvik i kveld. Arkivfoto: Sunniva K. Øvstetun.

– Spelet må sitta framover på bana

Det er eit kriterium viss Jotun skal gå sigrande ut av lagnadskampen mot Kjøkkelvik, meiner Olafur Sveinsson.

Med to kampar igjen å spela, må Jotun slå Kjøkkelvik for i det heile teke å ha sjanse på havna over nedrykksstreken.

Når det er utgangspunktet, er det naturleg å tenka at Jotun-trenaren kjenner litt på nervene, men det avviser han.

– I grunnen er denne kampen som alle dei andre. Me var ikkje så verst då me spelte borte mot dei. Då hang me med i 45 minuttar og leia med fire mål på det meste i 1. omgang. Eg trur både eg og spelarane følte at me gav frå oss den kampen. Eg trur dei same spelarane som skal spela i kveld, må markera seg og visa at det var ein stygg tabbe av oss, seier Sveinsson til Porten.no.

Høyr kampen mot Kjøkkelvik direkte på Porten.no frå 20.00. Kommentator er Kent Fimreite. 

Jotun har hatt eit opphald i kampar den siste tida. Etter som dei er så få på trening, har fokus lege på å individuelle ferdigheiter, å halde seg i gang og ha fokus og disiplin. Sveinsson seier at heller ikkje spelarane verkar nervøse.

– Nei, faktisk oppfattar eg dei fleste som jordnære. Det er verken opp eller ned. Det er ikkje noko krisestemning og ingen er i sjuande himmel, men alle er fokuserte. 

Må prestere offensivt

Ifølgje islendingen er det offensivt det må sitja dersom Jotun skal ha sjanse på to poeng i kveld.

– Det er den biten som har vore ei mangelvare i ganske lang tid. I kampen mot Os hadde me ein ganske grei 1. omgang framover på bana, der me skaffa oss mange gode moglegheiter som me misbrukte. 

I tillegg håpar han at spelarane hans vil vera litt ekstra tend med tanke på bakgrunnen for denne kampen. Oppgjeret mot Kjøkkelvik har blitt den mest omtalte saka denne sesongen etter at laget ikkje møtte til kamp.

Håpar på ekstra tenning

Det gir normalt bot og tildeling av poeng til motstandar, men etter å ha anka gjennom tre instansar gav til slutt Appellkomiteen medhald og bestemte at kampen skulle spelast på nytt.

– Eg håpar sjølvsagt spelarane går på bana for ta igjen og svare på parketten på den tullete ordninga som ein opplever frå Appellkomiteen. Det er håp om at spelarane tar det med seg for å kriga litt ekstra, seier Sveinsson.

Uansett korleis det går i kveld, er ikkje alt håp ute av den grunn. Som det har blitt påpeikt tidlegare, er det eit par andre scenario som kan spela inn. 

Treng hjelp

Dersom Viking med tidlegare Jotun-spelar Rebecca Brun Steinheim på laget unngår nedrykk frå 1. divisjon, og Førde eller Fyllingen rykker opp, vil Jotun halde seg.

– Det er jo spesielt fordi ho spelar der at me håpar dei klarar seg. Det kan bli akkurat ho med sine spelarar som kan auka sjansane til Jotun, seier Sveinsson.

Likevel er han ærleg om stoda i klubben og tenker framover også.

– Me har ei stor utfordring til neste år også, for då er det berre åtte lag som beheld plassen sin i divisjonen. Om me kan jubla no, blir utfordringa endå større neste år. Me må gjera jobben vår i mange andre andre samanhengar innanfor klubben for at me ikkje skal stå i fare for å rykke ned neste år også.

Til toppen