STARTA MOT SERIELEIAREN: I fjor spelte Truls Hovland for og mot lag på 4. øvste nivå i Noreg. Søndag fekk han sin første heile kamp i 1. divisjon – mot sjølvaste Bodø/Glimt. Foto: Stig Høynes/haugenfotball.no.
STARTA MOT SERIELEIAREN: I fjor spelte Truls Hovland for og mot lag på 4. øvste nivå i Noreg. Søndag fekk han sin første heile kamp i 1. divisjon – mot sjølvaste Bodø/Glimt. Foto: Stig Høynes/haugenfotball.no.

Spelte 90 minuttar mot Bodø/Glimt: – Eg skulle så vidt ha vore i trening no

I fjor spelte Truls Hovland for og mot lag på 4. øvste nivå i Noreg. Søndag fekk han sin første heile kamp i 1. divisjon – mot sjølvaste Bodø/Glimt. Sjå Hovland nesten scora sitt første 1. divisjonsmål og andre høgdepunkt!

Florø: – Det var hardt for eg har ikkje spelt ein heil kamp på over eit halvt år. Eigentleg skulle eg så vidt ha starta treninga att no, så eg kom tilbake frå skade mykje tidlegare enn kva legane sa. Ein del trøkkar vart det også, men det var godt å koma i gang att, seier årdølen til Porten.no.

Han har hatt fire innhopp for Florø på dei første åtte kampane, men fekk starta den niande – mot serieleiar Bodø/Glimt, som var i eliteserien i fjor medan Hovland spelte for Årdal FK i 3. divisjon.

– Eg tykte det gjekk greitt. No fekk eg ikkje så mykje å jobba med som eg hadde håpa. Eg fekk ein god sjanse også som burde ha vorte mål, men det vart berre nesten. Slik er det no å spela spiss.

Sjansen kom i slutten av 1. omgang då Hovland stupheada frå skrå vinkel og trefte ballen litt feil så den gjekk tilbake i same retning som den kom frå – sjå sjansen og andre høgdepunkt her:

– Meiner eg har noko å bidra med på dette nivået

– Med tanke på nivået du spelte på i fjor og kven de møtte søndag må det no vera ein enormt stor overgang?

– Ja, det er eit stort steg, men eg var i Sogndal ein periode og veit kva som krevst. Og eg meiner eg har noko å bidra med på dette nivået.

Skaden i form av eit lite brot i leggbeinet i kombinasjon med ein leddbandskade som Hovland har kome svært kjapt attende frå, gjorde at han ikkje hadde venta å få heile kampen mot Bodø/Glimt.

– Det har vore fornuftig å matcha meg litt forsiktig til no, og eg hadde rekna med å bli teken ut etter cirka seksti minuttar. Men kroppen kjendest bra, så då vart det til at eg spelte heile. 

– Hatt litt uflaks siste kampane

Og første heile kamp på dette nivået for Hovland var dessutan av det innhaldsrike slaget. Florø gjekk opp i leiinga på straffespark eit lite kvarter uti 2. omgang, men målscorar Monir Benmoussa feira så voldsamt at han fekk sitt andre gule kort for dagen og blei utvist.

Så utlikna ein annan sogning for Glimt, Kristian Fardal Opseth, før ei ny utvising fann stad på Florø stadion – denne gongen hjå dei gulkledde. Likevel reiste nordlendingane heim med alle tre poenga etter at Trond Olsen fastsette til 2-1 for bortelaget.

Les også: Kaupingen scora igjen, to årdøler starta

– No tykkjer eg at me har hatt uflaks dei siste kampane. Me burde ha stått att med meir enn null poeng på tre kampar. Men det er berre å stå på på treningane framover, så trur eg me viser oss gode nok til å halda oss i divisjonen. Gjer me det, men rykkjer likevel ned – ja då er me ganske enkelt ikkje gode nok.

No har Hovland spelt for og mot større lag enn Bodø/Glimt – i 2014 signerte han for Sogndal og fekk eliteseriedebuten sin mot Molde på Aker stadion påfølgjande sesong.

Men grunna lite speletid og at han ikkje treivst veldig godt i Sogndal flytte han heimatt til Årdal og tok to sesongar på 3. divisjonsnivå for moderklubben – før han no igjen satsar høgare att i fotballverda

– Det går fint her i Florø. Så bur eg med ein annan årdøl også, seier Hovland.

Til toppen