FULL FRES: Det var aktivitet heile natta og god stemning under nattcupen i Høyangerhallen natt til laurdag.
FULL FRES: Det var aktivitet heile natta og god stemning under nattcupen i Høyangerhallen natt til laurdag. (Foto: Natalie Kleive Aardal)

BILDESERIE

Spelte fotball heile natta

Fotballspelarane spelte til klokka 04.30 natt til laurdag då tredjeklasse som tek studiespesialiserande ved Høyanger vgs arrangerte nattcup.

Høyanger: 23 lag deltok på cupen som varte til det nærma seg morgon klokka 04.30. Ifølgje Hedda Stølen Olsen, som var med å arrangere cupen, var det god stemning heile natta og alle var nøgde og kosa seg. 

Sjå fleire bilete frå cupen nedst i saka.  

– Klassen arrangerer cupen på dugnad slik at me kan tene pengar til ein tur til London me skal på i mars, fortel Olsen.

Arrangementet kravde planlegging i to til tre veker før den gjekk av stabelen. Elevane hadde også kiosk og har skaffa varer til den frå lokalbutikkane. 

Tredjeklassingene som tek studiespesialiserende ved Høyanger vgs arrangerte også ein slik cup i vår. Olsen meiner om lag like mange var med og spele i cupen no som sist, sjølv om det var litt fleire lag på lista. 

Første- og andreplassen fekk premie. Det var til saman fem puljer i puljespelet der alle puljene spelte mot kvarandre. Dei beste frå kvar pulje gjekk til kvartfinalen. 

Dette vert siste cupen til tredjeklasse-elevane som no gjev stafettpinnen over til andreklassingane på studiespesialiserande. 

(Foto:  Natalie Kleive Aardal)
YNGST: Desse tre på 11 og 12 år var dei yngste deltakarane på cupen. Frå venstre: Are Dale Eide, Jarl Ivar Mjånes og Caspian Tonning. (Foto:  Natalie Kleive Aardal)
(Foto:  Natalie Kleive Aardal)
(Foto:  Natalie Kleive Aardal)
(Foto:  Natalie Kleive Aardal)
(Foto:  Natalie Kleive Aardal)
(Foto:  Natalie Kleive Aardal)
VINNARAR: Laget "Hydro" vann cupen. Frå venstre: Agnete Ørnehaug, Kristian Raae, Fredrik Myklebust, Jacob Bergset og Luis Maureira. (Foto:  Natalie Kleive Aardal)
Til toppen