I STUDIO: Ungdommar frå Indre Sogn fekk spela inn låtar frå Adele og Coldplay. Foto: Øyvind Nondal.
I STUDIO: Ungdommar frå Indre Sogn fekk spela inn låtar frå Adele og Coldplay. Foto: Øyvind Nondal.

Spelte inn låtar frå Adele og Coldplay

Ungdom på RockCamp i Årdal.

INSTRUKTØR: Odd Einar Nordheim er soloartist med to innspelingar, samt vinnar av ”Sikter mot stjernene” og deltakar på ”The Voice”.
INSTRUKTØR: Odd Einar Nordheim er soloartist med to innspelingar, samt vinnar av ”Sikter mot stjernene” og deltakar på ”The Voice”.

Årdal: Denne helga vart det arrangert RockCamp på Svalheim i Øvre Årdal. Her kunne unge musikarar i Sogn læra om samspel, studio- og sceneteknikk.

Odd Einar Nordheim seier til Porten.no at helga handla om å skape gode opplevingar for ungdommar i Sogn. Dei har komme frå Årdal, Hafslo og Sogndal.

– Kva lærar dei på RockCamp?

 – Mange har spelt sjølv heime, og her får dei læra samspel med andre. Det er ei ny og flott oppleving. I tillegg får dei øve på å spele inn musikk lag på lag. Det vil seie det vert spelt inn eitt og eitt instrument om gangen. Dette er heilt anna enn når alt vert spelt på same tid, legg Nordheim til.

– Kva låtar øver dei på?

– Vi har valt "Set Fire to the Rain" med Adele, og "Yellow" med Coldplay. Dette er krevjande låtar og spele inn på så kort tid, sjølv for erfarne artistar. Nordheim trur også at vi kjem til å høyre om fleire av deltakarane i framtida. Dei har store talent seier han. 

– Kjem de til å arrangere RockCamp neste år også?

– Ja, det er planen. Vi samlar inn erfaringar no og tek dei med oss til neste sommar, avsluttar Nordheim. 

Til toppen