SAMLA I SORGA: Søstrene Agnethe, Marthe og Beate Gjerde Stølen frå Lærdal ønskjer å førebygga sjølvmord med openheit og kunnskap. Laurdag spelte dei på same lag for å heidra broren, som valde å ta sitt eige liv i fjor.
SAMLA I SORGA: Søstrene Agnethe, Marthe og Beate Gjerde Stølen frå Lærdal ønskjer å førebygga sjølvmord med openheit og kunnskap. Laurdag spelte dei på same lag for å heidra broren, som valde å ta sitt eige liv i fjor. (Foto: Halvor Farsund Storvik )

Spelte til minne for broren som tok sitt eige liv

Søstrene frå Lærdal ønskjer meir merksemd rundt sjølvmord. Dei trur openheit og kunnskap skal til for å førebygga problemet.

Sogndal: Laurdag spelte Kaupanger årets første treningskamp mot Skreia. Men det sportslege hamna naturleg nok i skuggen for det kampen eigentleg handla om.

Ikledd same drakt spelte søstrene Agnethe, Marthe og Beate Gjerde Stølen frå Lærdal for å heidra minnet til broren Eirik, som tok sitt eige liv i april i fjor.

SIGRA: Kaupanger var det sterkaste laget i Sognahallen, men det sportslege hamna i skuggen for det kampen eigentleg handla om. Foto: Halvor Farsund Storvik

– Meininga med heile kampen er at det skal bli meir merksemd rundt sjølvmord, korleis me skal oppføra oss mot ein som har sjølvmordstankar, eller har forsøkt å ta livet sitt, og korleis me skal oppføra oss mot etterlatte, seier Marthe Gjerde Stølen, som tidlegare spelte for Kaupanger.

Det var trenaren hennar på Skreia som lanserte idéen om å spela ein kamp mot gamleklubben, der pengane skulle gå til LEVE, ein organisasjon som jobbar for å førebygga sjølvmord, og støtta etterlatne.

– Han såg at eg ikkje hadde det noko godt, og han ville gjera noko for meg og familien vår, seier keeperen.

Urovekkande statistikk

Knut Røneid hadde teke turen frå Luster og følgde kampen med ein klump i halsen.

– Det var direkte rørande å sjå på. Eg var aldri ein emosjonell person av meg tidlegare, men etter me mista Kristoffer, så har det forandra seg, seier Røneid.

TAKKSAM: Knut Røneid i LEVE er imponert over motet til dei tre søstrene, og seier bidraget deira betyr utruleg mykje. Foto: Linda Watten / Arkiv

I 2015 tok sonen sitt eige liv, ei historie som vart kjend då den tidlegare politimannen valde å ta eit oppgjer med norsk ruspolitikk. Tapet gjorde óg at han engasjerte seg i LEVE, organisasjonen som kampen gjekk til inntekt for.

I 2018 blei det registrert 671 sjølvmord i Norge, det høgaste talet sidan 2001. Røneid meiner det er på tide å få ned den stygge statistikken.

– No går det feil veg diverre, seier han.

Røneid har óg trua på at openheit er vegen å gå, og merkar ei betring etter at familien til Ari Behn valde å vera opne om deira tragedie. At tre unge søstre frå Lærdal óg torer å setja søkelys på problemet synst han er utruleg modig gjort. 

– Eg har nesten ikkje ord for det. Det betyr utruleg mykje. Det betyr alt, seier han. 

Vanskeleg tema

Rett etter kampen har ikkje søstrene heilt fått summa tankane enno.

På den eine sida var det kjekt å spela saman, og bli tekne godt imot av hyggjelege lagkameratar. På den andre sida er i det minste Marthe usikker på kva broren hadde tenkt om all merksemda saka har fått i media.

– Eg fekk litt panikk etter alle intervjua. Tenk om Eirik ikkje ville sett pris på det, for det er så privat. Eg trur ikkje han ville ønskt så mykje styr rundt sjølvmordet sitt, men samstundes var han ein som ville hjelpa alle. Så eg trur eigentleg han hadde likt dette her, seier keeperen.

Dei har opplevd mykje varme, gode klemmar og folk som bryr seg, etter det tragiske som skjedde. Men dei har óg opplevd det motsette, som rykter og utestenging.

– Me har verkeleg sett kven me kan stola på og ikkje, seier Marthe, før ho legg til:

– Eg trur det har litt med å gjera at folk kanskje ikkje veit korleis dei skal oppføra seg mot oss, for det er så vanskeleg å snakka om. Det er fullt forståeleg, men vis i det minste at du bryr deg, seier Marthe.

Har du sjølvmordstankar er det viktig å vita at du ikkje er åleine om å ha det slik. Det finst personar som kan hjelpa deg. Snakk med nokon du stolar på og fortel korleis du har det, eller ta kontakt med ei helseteneste eller hjelpetelefon. Les meir på helsenorge.no.

Til toppen