IKKJE NØGD: Årdal-trenar Ivan Øy var ikkje nøgd med det han såg frå tribunen mot Skavøypoll ettersom han vart utvist i førre kamp. Arkivfoto
IKKJE NØGD: Årdal-trenar Ivan Øy var ikkje nøgd med det han såg frå tribunen mot Skavøypoll ettersom han vart utvist i førre kamp. Arkivfoto

Spelte uavgjort borte mot botnlaget: – Dette var ikkje bra

Årdal FK hadde leiinga i ein liten omgang, men måtte reisa heim frå oppgjeret mot Skavøypoll med berre eitt poeng i lomma.

Skavøypoll – Årdal 1-1

Nicolai Laberg scora for Årdal vel ein halvtime ut i første omgang i ein god periode for årdølene. Med 1-0 til pause mot laget som har til gode å ta poeng i Kretsligaen så langt denne sesongen, var sjansane for ein ny trepoengar gode.

Men medan Årdal hadde flest sjansar i 1. omgang, snudde spelet i andre, og halvvegs ut i omgangen utlikna Lars Nygård til 1-1 for vertane. Resultatet stod seg også kampen ut.

– Me prøver å gløyma denne kampen så fort som råd. Her spelte me på einknusktørr bana som ikkje spelarane våre såg ut til å takla i det heil. Så dette var ikkje bra. Me har sjansar til å avgjera til vår fordel, men også Skavøypoll kunne ha scora ein eller to, seier trenar Ivan Øy.

Les også: Øy må sjå kampen frå tribuna, men blir med til Vågsøy

Difor vel han å sjå fram mot neste kamp i staden

– 1-1 får me ta med oss heim, men me har ein jobb å gjera fram mot 16. mai når me møter Vik heime. No er det ikkje lystig stemning i garderoben, kan du seia.

Til toppen