NY DIRIGENT: Ben Hirons tek over som dirigent for Årdal Musikklag etter Oddgeir Øren. Foto: Arkiv. 
NY DIRIGENT: Ben Hirons tek over som dirigent for Årdal Musikklag etter Oddgeir Øren. Foto: Arkiv. 

Spennande dirigentskifte for musikklaget

Den britiske musikaren Ben Hirons tek over som dirigent for Årdalstangen Musikklag frå hausten av etter Oddgeir Øren. 

Årdal: Hirons er allereie godt kjend med korpset etter at frå nyttår starta opp som musikalsk leiar for Årdalstangen Musikklag si satsing på musikkskulen. 

Les også: Rekrutterer unge til korps i rekordfart

– Me var heldige å få hjelp av Akademiet Eikanger-Bjørsvik til dette og er veldig nøgd med å ha fått ein slik ressurs til denne oppgåva. At han no tek over som hoveddirigent er noko alle medlemmar gledar seg over, seier Wenche Kulset som er styreleiar for Årdalstangen Musikklag

Dirigent frå Manchester 

Tidlegare i vår gav den noverande dirigenten, Oddgeir Øren, beskjed om at han ønskja avløysing frå stillinga si som dirigent frå og med hausten.

– Dirigentar veks som kjend ikkje på tre i vårt nærområde og det var ei krevjande oppgåve å finne ein erstattar, seier Kulset. 

Ben Hirons kjem opprinneleg frå Manchester i England og har mastergrad i trompet frå Royal Conservatoire of Scotland.

For eit lite år sidan kom han til Noreg og Bergen for å spele i Eikanger-Bjørsvik Musikklag og skal mellom anna gjere sitt for at EMBL skal kapre EM-tittelen for brassband i 2017.

– Årdalstangen Musikklag er eit av dei trivlegaste eg har vore i. Den 5 timar lange bussturen mellom Bergen og Årdal kan sjølvsagt verte litt kjedeleg, men så kvilar eg heller augene på den fantastiske utsikta og gler meg til møtet med dei kjekke skulemusikantane når eg omsider er framme, seier Hirons. 

Unge debutantar. Frå venstre: Andrine, Alex, Marius, Oskar og Morten. Tomine var ikkje til stades då biletet vart tatt. Her saman med Oddgeir Øren, Idar Torskangerpoll og Ben Hirons.
Unge debutantar. Frå venstre: Andrine, Alex, Marius, Oskar og Morten. Tomine var ikkje til stades då biletet vart tatt. Her saman med Oddgeir Øren, Idar Torskangerpoll og Ben Hirons.

Vekse som musikarar

Årdalstangen Musikklag vil få ein dirigent med ein heilt annan musikalsk bakgrunn enn det nokon i korpset har frå før av. 

Hirons har som ambisjon å hjelpe kvar enkelt i musikklaget å vekse som musikarar. 

– Eg vil at me skal arbeide som eit godt team for å få eit så godt resultat som mogleg når det gjeld klang og musikkframføring. Akkurat det passar særs godt med korpset sitt motto "Me skal ikkje bli go’, men alltid gjere det beste vi kan". I tilleg håpar eg sjølvsagt at det skal oppmuntre andre til å byrje å spele slik at korpset får den veksten ein treng for framtida, seier Hirons. 

Den erfarne musikaren tykkjer det er lit av nokre sko han no skal fylle etter Øren. 

– Oddgeir er eit av dei mest ekte menneska eg nokon gong har møtt. Han legg både hjarta og sjela si i korpset, seier Hirons. 

Held fram i korpset

Øren skal halde fram i korpset som musikar sjølv om han no gir seg som dirigent. Han har vore dirigent for musikklaget samanhengande sidan 2000. I 2017 er det 70 år sidan korpset først vart stifta og til neste år feirar til jubileumsår. 

– Fleire meinar vel at eg burde stått til over jubileumsåret og markere avgangen min gjennom det. Eg meinar at det er like greitt å nytte jubiléet til å signalisere ei ny tid, seier Øren. 

Hilde Horpen kjem til å bistå Hirons som visedirigent. Denne jobben har ho hatt i fleire år. I fjor var ho også fast dirigent då Øren hadde permisjon. 

–  Korpset er inne i ein periode der rekruttering er ein viktig prioritet og målet er å få opp eit skulekorps. Det å fortsette denne satsinga er difor ei viktig oppgåva, og dessutan å få rekruttert fleire vaksne til korpset. Målet mitt er at korpset og medlemmane skal få utvikla seg i eit godt miljø. Å ha musikalske mål å sjå fram til, små eller store, er viktig for både musikantar og dirigentar. Eg gledar meg til å halda fram som visedirigent, seier ho. 

Til toppen