Spenning og glede på nylanseringa

Spente årdøler møtte opp for å få med seg dei splitter nye nettsidene til Porten.no.

Porten.no tok ein runde i lokalet for å høyre litt om kva forveningar dei frammøtte har til nylanseringa av nettsida. 

Spenning og glede

– Eg er spent. Eg har følgt med redaktøren Truls Sylvarnes sidan han kom attende til bygda. Eg er spent på kva han skal presentere. Dette blir moro, seier Ruth Marit Saur.

Arne Håkon Laberg i Agnitio, den tidlegare eigar av Porten.no, seier han gler seg og har store forventningar etter all omtalen som har vore om satsinga. 

– Eg gler meg som berre det, seier Merete Hjelle.

Jorunn Telle jobbar på Norsjøen og brukar Porten.no kvar dag for å halde seg oppdatert på det som skjer heime. Ho er spent på kva forbetringar som kjem på sida. 

– Eg håpar det blir ei enda betre nettavis. Me er inne å oppdaterar oss på Porten.no kvar dag. Eg gler meg til å sjå alle som dukkar opp på sida, seier Bjarne Havro.

Sidene er oppe!

– Dei nye sidene er alt oppe, seier ein alt før programmet starta. 

Folk rundt er ikkje seine til å få fram mobilen og dukke ned i den nye nettsida. 

Torbjørn Grane er ein av dei som er raskt framme med mobilen. Han følger med på nettsida ettersom redaktør Sylvarnes tek publikum gjennom den nye sida, dei nye funksjonane, planane og satsinga for tida framover på storskjerm. 

Føretrekker lokalstoff

Porten.no tok på ny ein rask rundt i lokalet for å få høyre nokre reaksjonar på den nye nettavisa. 

Inger Marie Beheim synast det sida ser veldig bra ut med masse nytt og store forbetringar. Ho synasts det blir spennande å følge framover.

– Har du prøvd på mobil?

– Ja, det var veldig greitt. Sida kom fort opp og menyane fungerte, seier Beheim. 

– Kva synast du?

– For den jamne årdøl har eg inntrykk av at Porten.no er den føretrekte sida for lokalstoff. No med styrkinga av nettsida og fleire journalistar, er det i alle fall ingen grunn til å ikkje bruke Porten.no. Eg håpar folk støttar opp om avisa. Dette blir veldig spennande og sida ser veldig bra ut, seier Knut Bordal. 

Vann iPad Mini

Heilt på tampen av kvelden stakk to heldig vinnar, som har merka bilete sitt med #mittporten på Instagram, av med ein iPad mini kvar. Det var Veronika Knudsen og Helene Torgersen.

Til toppen