EKSTRANUMMER: Lærdal Songkor framfører kveldens siste låt under Prøysenkabareten i Lærdal Kulturhus. Foto: Eivind M. Øren
EKSTRANUMMER: Lærdal Songkor framfører kveldens siste låt under Prøysenkabareten i Lærdal Kulturhus. Foto: Eivind M. Øren

Spenstig og familievennleg Prøysenkabaret

Laurdag kveld markerte Lærdal Songkor 100-års jubileet til Alf Prøysen sin fødsel med Prøysenkabaret i Lærdal Kulturhus.

FULLSETT SAL: Det var ikkje mykje plass att i kulturhuset då forestillinga tok til.
FULLSETT SAL: Det var ikkje mykje plass att i kulturhuset då forestillinga tok til.

Dei omtrent 25 medlemma i Lærdal Songkor, med gjesteartistar, markerte laurdag kveld Alf Prøysen sitt 100-års jubileum i Lærdal Kulturhus med ei spenstig og familievennleg Prøysenkabaret. 

Forestillinga, ''Prøysen i Ord og Tonar'', var den einaste som vert arrangert, og salen var fullsett då teppet gjekk opp klokka 18:30. Deretter var det duka til halvanna time med song, dans, og filosofiske kvardagsforteljingar frå boka ''Spaserveier i Granskog''.

Mykje arbeid

Lærdal Songkor har jobba med forestillinga i litt over 2 månader, og dirigent Maryan Georgsdotter Mundal seier det har vore mykje å gjere for å få forestillinga klar i tide.

– Me ville ha forestillinga klar før julestria tok til, og sette derfor datoen til midten av November, seier ho til Porten.no.

– Den største utfordringa var å sette opp songlista, då me fort merka at det var mykje å velge mellom. Me trudde me var godt kjent med Prøysen, men det viser seg at me ikkje hadde so god oversikt som me trudde.

Glad for å få delta

FORTELJAR: Henrik Andersgaard las høgt frå Prøysens ''Spaserveier i Granskog'' under forestillinga.
FORTELJAR: Henrik Andersgaard las høgt frå Prøysens ''Spaserveier i Granskog'' under forestillinga.

Høgtlesingane vart framført av Henrik Andersgaard, som tidlegare har vore dirigent i Lærdal Songkor medan han budde i bygda. Han er for tida busett i Oslo, men vart spurd om han ville delta på framsyninga, noko han seier han er svært glad for. 

– Eg var svært beæra av forespurnaden, og takka sjølvsagt ja med ein gong. Det har vore ein morosam oppleving, og eg er glad eg vart med, seier Andersgaard til Porten.no

Sjølv om Andersgaard har budd i Lærdal so er han ikkje oprinneleg lærdøl, og har dialekta som passar med Prøysen si eiga dialekt. Dette sette ein ekstra spiss på høglesinga han framførte under forestillinga, og resultatet var svært vellukka. 

Overraskingar på lur

Etter at Andersgaard hadde ferda ei høgtlesing spelte gruppa opp til ''Tango for To'', og eit kjent fjes reiste seg blandt publikum. Ordførar Jan Geir Solheim inntok dermed scena og dansa eit livleg tangonummer, til publikum si store glede.

– Eg vart spurt for lenge sia om eg ville vere med på framsyninga, og det var veldig lett å sei ja. Dagen kom allikevel veldig fort, og eg var nervøs då det nærma seg min tur, seier han til Porten. 

– Eg har ikkje hatt høve til å vere med på øvingane fram til i dag, so eg var spent på korleis det kom til å gå, men det var ikkje so skummelt som eg trudde. Eg hadde det kjempegøy både på scena og som publikum, og er glad for at Songkoret greidde å sette saman ei so flott framsyning.

Glad for å få dansepartnar

Dansepartnaren til Solheim, Inga Winjum, måtte fram til i dag øve åleine på dansenummeret, men seier det ikkje var noko problem i det heile. 

– Han er jo veldig oppteken til dagleg, og eg har klart meg fint på eiga hand. Det var allikevel godt at han hadde høve til å vere med på generalprøva i dag, og eg tykkjer det er flott at han ville vere med, seier ho til Porten. 

Inga var ei av tre Aurlendingar som deltok på framsyninga, og seier dei har hatt ei flott oppleving i haust. Det har vore mykje arbeid for alle involverte, men forestillinga vart ein kjempesuksess, og både publikum og artistane gjekk smilande frå kulturhuset etter at forestillinga var ferdig. 

Til toppen