SPENST: Idrettsenteret i Sogndal er historie. No går senteret inn i den nasjonale kjeda Spenst, kunne dagleg leiar Kolbjørn Rydvang og kjedeleiar Eirin Stuhaug Bolle fortelje måndag. Foto: Halvor Farsund Storvik.
SPENST: Idrettsenteret i Sogndal er historie. No går senteret inn i den nasjonale kjeda Spenst, kunne dagleg leiar Kolbjørn Rydvang og kjedeleiar Eirin Stuhaug Bolle fortelje måndag. Foto: Halvor Farsund Storvik.

Spenstige planar for Idrettsenteret i Sogndal – blir ein del av nasjonal kjede

I utgangspunktet skulle logoen for idrettsenteret i Sogndal pussast opp. No går senteret i staden inn i den nasjonale kjeda Spenst.

Sogndal: Går ting som planlagt, er dette realisert i juni. I tillegg vert det ei eiga avdeling på kulturhuset som skal stå klart i august. 

Desse planane presenterte dagleg leiar i Idrettssenteret, Kolbjørn Rydvang, under eit pressetreff måndag ettermiddag. 

– Det skjer så mykje i bransjen som me som frittståande aktør ikkje klarar å følgje med på. Difor er det viktig at me no går inn i dette. Spenst har dei verktøya me treng for å bli eit betre senter, seier Rydvang. 

Han brukar ein app som Spenst har som eit døme.

– Denne appen viser aktivitetar og på ein enkel måte kan ein kommunisere med medlemmar. Til dømes kan me kommunisere ut informasjon om klatring til dei som driv med klatring. Ein slik app ville ha kosta oss fleire hundretusen å lage.

Lokal styring

Han understrekar at senteret framleis vil vere lokalt eigd av Sogndal Fotball og at det dermed er dei som har handa på rattet, men innrømmer at det er litt vemodig at Idrettsenteret, som har passert 3000 medlemmar, no er historie.

– For oss som har vore med frå starten er det noko vemodig, men det er slik at det utviklar seg. Det same gjer bransjen. Det er mykje me ikkje klarar å henge med på, men Sogndal Fotball er framleis eigar, så me har full styringsrett framleis. Og det er viktig, seier han til Porten.no.

Møteplass

Eirin Stuhaug Bolle i Spenst håpar dei som brukar senteret vil merke at dei får eit auka tilbod.

– Men også at dei merkar at dei kan bruke medlemskapen sin ikkje berre her i Sogndal, men elles i landet også. Eg håpar dei ser på dette som ein møteplass, for filosofien vår er «trening for alle». Difor ønskjer me at folk ikkje berre kjem hit for å trene, men også for å møte andre, seier ho og forklarar kvifor Spenst har trua.

– Slik eg opplever det, er Sogndal eit distriktssenter som me har god erfaring med i Spenst. Det verkar som innbyggjarane er veldig positive til helse og trening, og det gjer at me trur og reknar med at det blir eit konsept dei vil like.

Lågterskel på kulturhuset

Forskjellen på dei to avdelinga er at avdelinga på kulturhuset vert meir eit slags lågterskeltilbod, der ein brukar personleg trenar har eit meir resultatorientert fokus med salar. 

– Slik at ein kan gå ned der, handle brød og melk og deretter trena, seier Rydvang.

– Anlegget på Leikanger er det litt uavklart rundt. Det kan bli ein satelitt for oss med tilpassa opplegg med dei moglegheitene og begrensingane som er der. 

Spenst har 30 senter rundt om i Noreg. Frå før finst det senter i både Florø og Førde, medan Sandane får eit i august. Eit tettare samarbeid, utveksling av kompetanse og hospiteringsordningar er nokre av årsakene til at ein vel å gjere dette grepet. 

Til toppen