INDRE SOGN: Fire av dei mest leste sakene den siste tida.
INDRE SOGN: Fire av dei mest leste sakene den siste tida. (Foto: Arkiv)

Spenstige planar, nedlegging og leiteaksjon. Fekk du med deg desse sakene?

Porten.no har samla dei mest leste sakene den siste tida.

Indre Sogn: Spenstige planar for fjordtomt på Leikanger og leiteaksjon i Årdal er to av dei mest leste sakene i Indre Sogn den siste tida. Sjå dei tre andre under.

Spenstige planar for fjordtomt: hotell, restaurant, bustader og rådhus

Nokkaneset på Leikanger vert lansert som nytt stort satsingsområde i Sogndal. No søker eigarane av Sognefjord Hotel samarbeidspartnarar som ønskjer å setja dei spektakulære planane ut i live. 

I ein fersk studie viser dei korleis det 23 mål store området kan romma alt frå eit opprusta og utvida hotell, til restaurant og basseng med tilknyting til fjorden, leiligheiter, kontor, kai og til og med eit rådhus til den nye storkommunen.

– Det er ei drøymetomt ved Sognefjorden, ei av dei flottaste me har, så her er det mogleg å få til mykje forskjellig, seier Knut Henning Grepstad, som er engasjert som prosjektleiar av eigarane, søskenparet Jack og Siv Eggum.

Les saka her

Rykka ut til leiteaksjon i Årdal

Bergingsmannskap frå Årdal måtte til pers i natt då eit utanlandsk par i 30-åra hadde gått seg vill i snøføyka. Dei to personane hadde gått frå bilen sin i fire-tida fredag ettermiddag og skulle gå inn til ei hytte ved Trollsjøen, ein tur på om lag seks til sju kilometer. 

– Mannskapet frå Norsk Folkehjelp Årdal hadde ei reaksjonstid på 14 minutt, frå dei vart ringt medan dei sov, til dei hadde stått opp, kledd på seg og var klare til å reisa, seier beredskapsleiar i Norsk Folkehjelp Årdal, Fredrik Bjørk.

Les saka her

Vurderte nedlegging, så kom meldinga som fekk han til å snu

Eigaren av Jostedal Industrier var tidlegare i år nære ved å kasta inn handkleet. I staden satsar verksemda vidare med ein ny serie operasjonsbord.

Kurt Brun, som var med på å starta Jostedal Industrier i 1997, fortel at ein tilfeldig prat med Innovasjon Norge enda nyleg med eit tilskot på 1,25 millionar til den nye produktserien.

Les saka her

Malin (25) satsar på nettbutikk for å få fart på julehandelen

Gaveriet i Årdal har planar om å starte opp ein nettbutikk. Den som sit med hovudansvaret for etableringa er Malin Låksrud Øyre, som er tilsett i butikken. Ho seier det er omfattande arbeid, men at dei står på for å verte ferdige.

– Særleg no i desse tider er det ganske aktuelt med handel på nett, og det er mykje av motivasjonen for at me no prøver ut nettbutikk, seier ho. 

Les saka her

Sonja inviterte årdølene til jubileum: – Det har vore heilt kaos

Klesbutikken Jålebroki i Øvre Årdal har feira ti år i drift, i heile tre dagar til ende. Det fekk folk til å strøyma til butikken. Trass koronasituasjonen, har ikkje Jålebroki merka noko særleg til mindre handel i industribygda. Kun ein liten nedgang i mars.

– Satsar de på ti nye år?

– Det er eg litt usikker på, men me går i alle fall for fleire år. Det blir opp til kundane våre, om me fortsatt har dei eller om dei forsvinn. Me får stå på og gjera vårt beste, seier Øren.

Les saka her

Til toppen