Spente små musikantar fekk visa seg fram

– Det er ein fryd å vera her å sjå alle dei fine ungane i bygda vår. Dei er så flinke, eg har heilt tårer i augene, seier Marit Moen, som var på plass for å få med seg barnebarnet spele. 

Årdal: Torsdag var kulturhuset i Øvre Årdal smekkfullt av tonar, tempo, liv og røre. Folk i alle storleikar hadde funne vegen for å vera med på kulturkvelden, som i år var i regi av Øvre Årdal Janitsjarkorps, men sjølvsagt også i samarbeid med Farnes skulekorps og kulturskulen i Årdal.

Artikkelen held fram under biletet

Så mykje meir enn "berre" korps 

– Det er viktig å spele på kvarandre. Vår oppgåve er å laga til ein arena der flest mogleg får opptre mest mogleg. Det handlar om å få flotte opplevingar, dei må me skapa og halda på. Me ser jo på dei yngste at det er stor glede i å koma på scena. Her får dei verkeleg det publikumet dei fortenar. Reiser dei heimatt med ei positiv oppleving og ei god kjensle, gler dei seg jo til neste øving og til neste konsert. Då er resten bonus, seier Helge Øren, dirigent for Øvre Årdal Janitsjarkorps.

Og variasjon må det vel bli når dei yngste på scena er 6 år, medan den eldste er 75.

Artikkelen held fram under biletet

SONG: Thea Trollebø (14) stod på scena i kulturhuset tysdag kveld.
SONG: Thea Trollebø (14) stod på scena i kulturhuset tysdag kveld.

Mellom anna opna KuDaMuDra showet med dans og sang. Dei går i første og andre klasse, og har tilbod frå kulturskulen på skulefritidsordninga. I tillegg fekk dei aller ferskaste blåseelvane ved kulturskulen spele i lag med Janitsjarkorpset. 

– Farnes skulemusikk øvar ein time i veka. Eg er imponert, det er naturstridig det dei presterer her. Håpet er at desse vil fortsetta slik at me får fleire medlem i vaksenkorpset, seier Øren. 

Likevel legg Øren til at ein slik familie- og kulturkveld også er viktig for økonomien til korpset, gjennom sal av billettar og utlodding av premiar. 

Artikkelen held fram under biletet

TRAKK I TRÅDANE: – Eg er imponer over den viktige jobben kulturskulen gjer med å levere musikalske krefter som blir songarar, medlem av kjellarband og korps, sjølv om eg no sikkert blir arrestert som ektemann, seier Helge Øren, dirigent for Øvre Årdal Janitsjarkorps. Kona Sigyn Øren er rektor for kulturskulen og dirigent i Farnes skulemusikk.
TRAKK I TRÅDANE: – Eg er imponer over den viktige jobben kulturskulen gjer med å levere musikalske krefter som blir songarar, medlem av kjellarband og korps, sjølv om eg no sikkert blir arrestert som ektemann, seier Helge Øren, dirigent for Øvre Årdal Janitsjarkorps. Kona Sigyn Øren er rektor for kulturskulen og dirigent i Farnes skulemusikk.

– Litt nervøse for å gløyme teksten

Anna Jevnaker Asperheim (12), Anniken Tryti Hundshammer (12) og Maja Stasinska (11) hadde akkurat vore på scena for å synga to songar, då Porten.no møtte jentene på bakrommet. 

Dei tykte det var herleg å vera ferdig, men samstundes at det er artig å ha nokon å framføra for. Litt nervøse var dei også på førehand for om dei kom til å gløyme teksten, sjølv om songlærar Valeria Hristova hadde råda dei til å ikkje sjå på publikum, men å tenkja på tekstane og å synge ut.

Dei tre jentene byrja på song på kulturskulen i haust, no gler dei seg på fleire konsertar framover mot jul. 

Artikkelen held fram under biletet

GAV MEIRSMAK: Anniken Tryti Hundshammer (12) (f.v), Anna Jevnaker Asperheim (12) og Maja Stasinska (11) ser fram til fleire konsertar framover.
GAV MEIRSMAK: Anniken Tryti Hundshammer (12) (f.v), Anna Jevnaker Asperheim (12) og Maja Stasinska (11) ser fram til fleire konsertar framover.

– Kunne spelt i blinde

Martin Morland (9) gjer seg også klar til å spele saksofon med dei vaksne i Janitsjarkorpset denne kvelden. Han starta å spele saksofon i fjor, men han fortel at han også speler tromme og gitar på kulturskulen. 

– Eg gruer meg ikkje i det heile teke, dette er berre moro. Eg har har øva så mykje at eg kan spela songen i blinde. Men eg skal ikkje spela i blinde altså, seier han lurt. 

Artikkelen held fram under biletet

LADAR OPP: Martin Morland (9) gler seg, for om ikkje lenge skulle han spele i lag med dei vaksne.
LADAR OPP: Martin Morland (9) gler seg, for om ikkje lenge skulle han spele i lag med dei vaksne.

Hygge på og utanfor scena

Marit Moen er der for å sjå og høyre barnebarnet Ida Furseth Moen (9) spele. Men ho legg til at ho har vore på kulturkvelden i alle år, sjølv om ikkje nokon av hennar eigne har stått på scena. 

– Det er heilt topp, dei er så flinke. Ikkje skjønar eg at dei torer å opptre framfor alle som er her, seier Gretha Furseth, som også er bestemor til Ida.

Ida var nok ikkje den einaste som hadde stordelen av familien i salen denne kvelden. Ho er klar for å spele tverrfløyte og skal opp på scena for tredje gong så langt. Nervene har for lengt forsvunne og songen ho skal spele kan ho inn og ut, sjølv utan notar.

Artikkelen held fram under biletet

HEIAGJENG: Fremst i biletet er Gretha Furseth (f.v), Bjarne Øren, Monrad Moen, Ida Furseth Moen og Marit Moen.
HEIAGJENG: Fremst i biletet er Gretha Furseth (f.v), Bjarne Øren, Monrad Moen, Ida Furseth Moen og Marit Moen.

På same bord sit også Bjarne Øren, som har vore dirigent for kor, korps og kulturskule i i Årdal i vel 50 år. Han storkosar seg medan han ser kva som bur i årdølene som er oppe på scena. 

– Det er så viktig at dei yngre får visa seg fram på kveldar som dette. Og ikkje minst at dei har gøy og moro med musikk, seier han. 

Sjekk også ut biletgalleriet øvst i saka. 

Til toppen