NYE SKILT: Prosjektleiar for Kongevegen over Filefjell, Jan Adriansen, heng i desse tider opp nye skilt som skal fortelje og informere om veghistoria og stader ein finn langs Kongevegen over Filefjell. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
NYE SKILT: Prosjektleiar for Kongevegen over Filefjell, Jan Adriansen, heng i desse tider opp nye skilt som skal fortelje og informere om veghistoria og stader ein finn langs Kongevegen over Filefjell. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Spesialdesigna skilt skal vere med på å sikre kulturminna

Fleire titals skilt skal fortelje historia til Kongevegen over Filefjell. 

Lærdal: Eit enormt arbeid og mykje pengar er lagt ned for å restaurere og ta vare på viktig veghistorie på Kongevegen over Filefjell.

Men restaurering er berre ein bit av det store biletet. Typisk for restaureringsarbeid er at ein klipper snora og alle klappar, så ser det like ille ut ti år seinare. Det trur prosjektleiar Jan Adriansen at dei unngår her.

– Det vil me prøve å unngå. Samstundes med restaurering legg me opp til jamnleg drift. I tillegg til at det er eit kjempefint område, har me laga ein ti mil lang turveg frå Lærdalsøyri til Kvamskleiva i Vang i Valdres, seier han.

– Me byrjar å sjå at stadig fleire nyttar seg av han allereie. Kommunane kjem inn og skal drifta i framtida, medan Vegvesenet skal drifte dei finaste strekningane. Her har me sikra kulturminneverdiar samstundes som me får auka turisme.

Artikkelen held fram under biletet.

CORTENSTÅL: Hovudskilta er spesialdesigna i cortenstål, som gir skilta ein unik utsjånad.
CORTENSTÅL: Hovudskilta er spesialdesigna i cortenstål, som gir skilta ein unik utsjånad.

Spesialdesigna skilt

I den samanheng er et laga ein heil bråte med informasjonsskilt. Allereie i fjor starta arbeidet med å henge opp skilta, som har litt ulik storleik og inneheld litt ulik informasjon. 

– Skilta peikar mellom anna kor du skal slik at du ikkje går deg vill. Me har hovudtavler som fungerer slik at ein kan stoppe på ein rasteplass, lese og køyre igjen. Dessutan har me nokre mindre kulturminneskilt som fortel meir spesifikt om veghistoria eller staden ein kjem til, fortel Adriansen.

I løpet av månaden vil dei ha sett opp rundt 70 skilt på strekninga. Skilta er spesialdesigna med Kongeveg-logoen og er laga i eit heilt spesielt stål, kalla cortenstål. 

– Nokre synest det ser fælt ut, men etter kvart vil det få ein fin rustig farge. Filefjell er kjend frå jarnalderen med masse jarnutvinning, så dette skal symbolisere den lange veghistoria der ein har ferdsle for å ta ut jarn, forklarar Adriansen. 

Til toppen