SPESIALHUNDAR: Onsdag kjem det to kriminalsøkshundar frå hundepatruljen i Bergen til å bidra i leitinga etter den sakna mannen på Kaupanger. Arkivfoto: Halvor Farsund Storvik.
SPESIALHUNDAR: Onsdag kjem det to kriminalsøkshundar frå hundepatruljen i Bergen til å bidra i leitinga etter den sakna mannen på Kaupanger. Arkivfoto: Halvor Farsund Storvik.

Spesialhundar skal bidra i leiteaksjonen

Onsdag kjem det to kriminalsøkshundar frå hundepatruljen i Bergen til å bidra i leitinga etter den sakna mannen på Kaupanger.

Haukåsen: 37 år gamle Christer forsvann då han var på tur med to tilsette ved institusjonen han bur på den 9. mai. Sidan har ingen sett han.

Onsdag kjem det spesialhundar til området det har vore leitt i på Kaupanger, skriv NRK. Det er på bakgrunn av tips frå publikum at politiet no skal søkje i eit spesielt område.

– Det er fleire som har meldt frå om sterk lukt i terrenget, og dei områda ynskjer vi no å sjekke betre ut, seier regionlensmann Arne Johannessen til NRK.

4. juni hadde politiet nok ein stor leiteaksjon i området der 49 personar frå ulike redningsinstansar og organisasjonar deltok i søket. Også det var resultatlaust.

Med dei ressursane politiet har hatt til råvelde nærmar det seg 11 000 dekar dei har leitt på. 

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har allereie varsla at dei skal føre tilsyn med Melås Helse og Årdal kommune for å finne ut om 37-åringen vart godt nok passa på då han forsvann.

Til toppen