TAKTFAST: Hest og hund marsjerer i fin takt frametter jordvollen. Foto: Snorre Sandemose
TAKTFAST: Hest og hund marsjerer i fin takt frametter jordvollen. Foto: Snorre Sandemose (Foto: Snorre Sandemose)

Hestar, ryttarar og hund stod for lystig opptog gjennom Utladalen denne laurdagen

– Me kosar oss alle fem saman på tur, fortel Torunn Todal Laberg. 

Årdal: Hestane held hus ved Timbersletti i Utladalen no vintertid. Dei fem kom farande derifrå ned langsetter elva Utla, og snudde eit stykke etter Storøyni for å leggja kursen opp mot Sletti att.  

– Eg er mykje ute og rir rundt omkring, mykje framover i Utladalen, seier Torunn Todal Laberg. 

Ho eig den svarte hesten, Frysning. 

Eline Noren går på Fjordane folkehøgskule dette året. Folkehøgskulen høver godt for hesteinteresserte, med heile tre ulike hesteliner. No er Norheim i Årdal på vinterferie. 

Foto: Snorre Sandemose

– Eline har hjelpt meg mykje med å stella hestane tidlegare om åra, fortel Laberg. 

Særskilt opptog no i vinterferien

Vanlegvis er Laberg ute og rir berre med sin hest, Frysning, og so luftar ho hunden Nala samstundes. Dei to dyra går godt i lag.

Sidan Nala var liten kvalp har ho vore vand med å ha Frysning i nærleiken. No er Nala tolv år, men ho klarar framleis å fylgja med hestane, for dei rir i rolig tempo. 

Nala går med den hesten som ho ikkje kjenner so godt i dag, Viljar. Både hest og hund såg ut til å trivast med det.  Ho som eig Viljar er på vinterferie, og difor har Laberg avtala å rida på tur med han. 

Medan dei alle fem fór frametter ein sti på jordvollen ved Utla, freista Viljar å leia Nala. Ho beit i reipet og ville trekkja litt i det. Men Nala lét ikkje til å bry seg med det.  

– Det er dette ho Nala likar best, å gå tur med hest. Om eg prøver å jogga med ho på asfaltvegen, so gidd ho nesten ikkje. Men når eg har med hesten er ho heilt med, seier Laberg. 

TAKTFAST: Hest og hund marsjerer i fin takt frametter jordvollen. Foto: Snorre Sandemose Foto: Snorre Sandemose

Hestane er saman både vinter og sommar. Sommaren har dei ferie

Hestar vert, som so mange andre dyr, ulukkelege dersom dei er åleine. Difor har det ikkje vore aktuelt for Laberg å lata hesten stå einsam i ein stall. 

– Eg leiger stallplass hjå Laura Nordgulen på Timbersletti, ho har plass til to hestar. Me tek begge omsyn til det at dei ikkje skal vera åleine, seier ho. 

Og til sommaren skal dei to hovdyra få koma ut til Vetti saman og vera skjøtselsarbeidarar. Dei skal beita på bøane på garden der inne, saman med kyr og sauer.  

– Dei skal gjera eit viktig arbeid, men for dei er det ein ferie. Det er bra for bøen at hestane er der, for dei og klovdyra beitar på ulike vis. Hesten gneg mykje meir ned mot bakken, og beitar område for område heilt snautt, seier Laberg, som er styreleiar i Utladalen naturhus. 

  Foto: Snorre Sandemose

Kyrne og sauene et heller det som er lettast tilgjengeleg og lét resten stå.

Ikkje berre gjer hestane ein god beitejobb, Frysning skal òg gå i teneste for Bulder og brak opplevingar.

– Frysning skal jobba som kløvhest i Utladalen i sommar, seier Laberg.

Også dei turistane som ikkje skal ri, synest det er fint å sjå Vinjar og Frysning inne i Vetti. Dei tek bilete av dei blant kyr og sauer, og so kjem hestane bort til dei og helsar på. 

– Dette er hobbyhestar, og dei er ekstra sosiale.

Dei trivst godt saman med dei andre dyra som går der, og so likar dei å verta klappa av turistane. 

– Dei har det fint inni Vetti, seier Laberg.

TO GODLYNTE HESTAR PÅ TUR MED HUND: Hunden Nala nyttar høvet til å granska kven som har gått forbi her før i dag. Foto: Snorre Sandemose Foto: Snorre Sandemose
Til toppen